Fint å kunne gå rett ifrå jobb opp til Tindefjellet! Tok med brodder, tenkte det var bra med is i svaene i bratta denne vegen. Hadde nok hatt litt trøbbel om eg ikkje hadde teke med! Sola varmar, det er lysare lengre og ein fantastisk solnedgang i 13 blå. Det er rett og slett nydeleg å berre skue vinterhimmelen med sine praktfulle fargar!
Kommentarer