Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Høge Stang

Dato:
28.07.2025
Turtype:
Blandet sykling
Turlengde:
2:52t
Distanse:
22,8km

Kommunetoppen i Aremark Vi tok med oss sykkel frå hytta på Hvaler og kjørte i retning Halden. Parkerte langs Bjørkebekkveien like etter Remnevannet. Fra her går det skogsveg inn mot Høge Stang. Skogsvegen er sperra med bom, men sykkel egna seg godt. Det skal også gå blåmerka sti inn til Høge Stang som startar eit par hundre meter lenger aust langs Bjørkebekkveien. Vi sykla ca. 5 km innover vegen før vi tok av på ein sideveg. Etter eit par hundre meter traff vi den blåmerka stien som kryssar vegen. Her parkerte vi syklane og fortsatte til fots. Etter knappe 2 km langs den blåmerka stien nådde vi Høge Stang. På toppen var det ein varde med norsk flagg, og eit skilt som viste retningar for den blåmerka stien. Tilbake ved syklane var planen å sykle vidare mot kommunetoppen i Halden, >>>

Kart    

Toåsen

Dato:
25.07.2025
Turtype:
Spasertur
Turlengde:
0:37t
Distanse:
2,8km

Toppen av Nesodden På vei til hytta på Hvaler tok vi en kjapp tur til Nesodden sin kommunetopp, Toåsen. Parkerte bilen på ein innfartsparking, og gikk rett inn i skogen her ifra. Skogen var full av stiar, så her var det berre å velge en sti i riktig retning. Holdt først litt sørlig retning for å runde ei myr som låg mellom oss og toppen, før vi peila oss inn rett mot toppen. På toppen sto det ein antenneinstallasjon. Ellers var det lite utsikt, da det var skog i alle rettninar. Tilbake på parkeringsplassen etter ca. 40 minutt, med en enkel kommunetopp i boks.

Kart    

Slettmarkspiggen

Dato:
18.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:28t
Distanse:
24,7km

Årets avstikkar frå Vinjerock Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen. Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng. Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen. I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.

Kart    

Østento

Dato:
03.08.2024
Turlengde:
0:32t
Distanse:
2,7km
Kart    

Bankerødkollen

Dato:
03.08.2024
Turlengde:
0:18t
Distanse:
1,1km
Kart    

Hedemarkstriangelet

Dato:
31.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:55t
Distanse:
21,4km

Etter å ha ete ein betre frukost på Pellestova køyrde vi på grusveg til Øyungen. Planen var å bestige Hedemarksvidda sine kommunetoppar Tuva, Sørøst for Hemmelkampen og Øst for Kroksjøhøgda i henholdvis Ringsaker, Åmot og Hamar kommune. Vi gikk først til Tuva via Dansaren, Jomfrua og Tjuven. Vidare var vi bortom Taterungskampen før vi kryssa nord for myrområdet mot Hemmelkampen. På Hemmelkampen kokte vi opp lunsj før vi passa på å gå innom Sørøst for Hemmelkampen, som skal være det høgste punktet i Åmot kommune. Ned frå Hemmelkampen begynte den mest strabasiøse delen av turen; ned ei skråning med ein del stein, gjennom tette buskkratt og forbi eit myrparti før vi omsider kom inn på ein sti. Stien leda tilbake til Øyungen og passerte like forbi høgste punktet i Hamar >>>

Kart    

Nevelfjell

Dato:
30.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:07t
Distanse:
9,6km

For å dele opp bilturen fra Honndalen til Hvaler, bestemte vi oss for å ta ei overnatting på Pellestova med bestigning av kommunetoppar i same sleng. Lillehammer sin høgste topp, Nevelfjell, kunne enkelt bestigast frå Pellestova. Det var skilta og god sti heile vegen til toppen. På toppen sto det ei hytte, og ved toppunktet var det ein delvis sammenrast varde. På kartet såg det ut som det gikk å gå en rundtur vidare aust og ned mot Reinsvatnet. Vi kom her inn på ein traktorveg, men som leda vidare inn i myr terreng. Stien som var merka på kartet var sannsynligvis skiløype på vinteren, men ikkje like godt egna for sommartur. Vi kom oss etter litt kaving gjennom myra og tilbake til Pellestova kor vi kjøpte oss en betre middag. Pellestova var forresten en veldig flott overnattingsplass >>>

Kart    

Urdadalstraversen

Dato:
24.07.2024
Turlengde:
11:34t
Distanse:
21,1km

En tur eg har gleda meg til sidan eg starta å kike i 2000 meters bøkene er Urdadalstraversen! Den dukka opp under ryggtravers kapittelet, og skulle være en av dei enklare traversane å starte med. Turen blei gjennomført i kjent stil slik vi liker det best; tidlig avreise fra Honndalen med retur "just in time" for mor sin heimelaga pizza. Det låg eit litt lavt skydekke ned i toppane i det vi ankom Leirvassbu, men det skulle bli gradvis lettare utover dagen med unntak av ei byge i 11 tida. Turen starta med anmarsjen gjennom Kyrkjeglupen og ned Visdalen. Etter at stien kryssa elva i Visdalen satt vi kurs opp mot Semelholstjønne. Vidare sikta vi oss inn på lavaste punkt på ryggen mellom Store og Vesle Urdadalstind. Her måtte ei stor steinur passerast for å komme opp til ryggen.

Kart    

Gjegnen

Dato:
24.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
12:55t
Distanse:
28,4km

Dagen starta med tidlig avreise frå Honndalen for å rekke 06:45 ferga frå Stårheim til Isane. Eg, Tonje, mor og far hadde planlagt å bestige Gjegnen. Eg hadde vert der saman med mor og far ein gong før på to dagers tur saman med turlaget. Då var eg 10 år. Planen denne gongen var å ta det som ein lang dagstur. Planlegginga av turen starta kvelden i forvegen ved at far min ringte ein kjenning som hadde nøkkel til bommen i Yksneelvane, og som kunne køyre oss opp dit stien startar ovanfor Nevreskorsvatnet. Returen måtte vi stå for sjølve ved bruk av føttene. Dette sparte oss for 400 høgdemeter, og korta ned turen med 5.5km, noko som gjorde turen overkommelig på ein dag. Ti på åtte takka vi for skyssen, og la i veg oppover mot Minivatnet (Kringsjåvatnet). Stien startar bratt opp >>>

Kart    

Mjølkedalspiggen

Dato:
19.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:11t
Distanse:
24,2km

Avstikkar frå Vinjerock Etter første kvelden på Vinjerock la eg og Magnar ut på tur for å bestige Mjølkedalspiggen, og muligens Sagi. Vi pakka med tau og sikringsutstyr i tilfelle vi skulle nå heilt fram til Sagi, so sekkane vart nokså tunge. Formen var også redusert etter lystig lag kvelden i forvegen. Vêret kunne vi dog ikkje klage på. Det var fantastisk (heile helga!)! Etter eit par spy-pauser langs austsida av Store Mjølkedalsvatnet nådde vi Mjølkedalsbreen og stigninga opp mot piggen. Formen var fortsatt laber etter gårsdagen, og vi var i ferd med å gje opp heile turen. Vi tok ei god pause, og kokte opp litt turmat før vi kvilte middag på svaberga. Sola varma godt, og elva som bruste på sida gjorde det lett å duppa av. Etter en times pause såg vi plutselig en gjeng som >>>

Kart