Høgeloft (12.04.2025)


Startsted Eldrevatnet (1094moh)
Sluttsted Eldrevatnet (1127moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 4t 49min
Distanse 19,0km
Høydemeter 909m
GPS
Bestigninger Høgeloft (1920moh) 12.04.2025 10:30

Høgeloft

Kommunetoppen i Lærdal og Hemsedal.


Første del av påska skulle startast i Hornindal. Vi tok ein omveng frå Bergen og opp dit via Lærdal og Hemsedal sin høgste topp, Høgeloft!

Med tidleg avreise frå Bergen og etter eit ladestopp i Lærdal sto vi i halv 11 tida klare med randonee ski på parkeringa ved Eldrevatnet.



Himmelen var blå og nesten skyfri i det vi starta turen langs kvistaløype i forholdsvis flatt terreng. Etter drygt 2km tok vi av frå kvistaløypa og vann gradvis høgde opp mot fjellmassivet.



Etter kvart nådde vi eit litt brattare skråparti kor ein rundar opp på fjellmassivet som sjølve toppen ligg på. Snøven var knallhard her, så vi var nødt å bruke stålkantane godt for å komme oss opp. Vi var no komt opp i nok høgde til å kunne skimte Hurrungane i nordvest.



Vidare var føret også knallhardt og isete. Det var faktisk eit lite stykke enklare å bære skia på sekken, då ein fekk bedre grep på skaren uten ski. Skarejern hadde nok gjort susen i dag!

I det vi nådde toppen hadde skyer trekkt inn. Dette gjorde at utsikta vart begrensa, men vi klarte likevel å skimte Gjendealpane mellom skyer som kom og gjekk.



Turen ned att baud ikkje på draumeføre, men det vart gradvis betre til lengre ned vi kom. Ein del staking vart det ut kvistaløypa, men glien var bra så vi klarte å halde bra fart tilbake til parkeringa.

Denne turen hadde nok også vert fin på fjellski grunna sin slake anmarsjen, og få bratte parti. Kanskje det blir det neste gang dersom vi skal opp att å sjekke ut utsikta i klarvêr.

Dagen vart avslutta med køyretur vidare til Hornindal for å fortsette påska.



Starttidspunkt 12.04.2025 09:38
(UTC+01:00)
Sluttidspunkt 12.04.2025 14:28
(UTC+01:00)
Totaltid 4t 49min
Bevegelsestid 3t 43min
Pausetid 1t 06min
Snittfart totalt 3,9km/t
Snittfart bevegelsestid 5,1km/t
Distanse 19,0km
Høydemeter 908m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.