Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Fottur (5)
- Fjelltur (4)
-
Skitur (2)
- Fjellskitur (2)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Kleppsnuten, Vågaheia og Lånanuten
- Dato:
- 11.08.2024
- Distanse:
- 14,2km
Rundtur frå Falkås opp Åsdalen. Då me kom opp til Kleppsvatnet var der ein av desse skogsvegane som brer seg om i urørt natur overalt her i Suldal. Me hadde tenkt å gå til Kleppsnuten via Åsstølen, men klarte ikkje finna ein naturleg avstikkar før me var komme litt for langt, men kom oss opp på toppen, der det var flott utsikt. Ned igjen og så til Vågaheia og Lånenuten og ned skogsvegen som gjekk ned Smørskarddalen. Siste delen av turen kom med inn på ein gammal ferdsels/stølsveg bort til bilen.
Selsnuten
- Dato:
- 10.07.2024
- Distanse:
- 3,2km
Våt tur. For det meste på skogsvei, berre siste delen i skogsterreng. Trur varden markerte toppunktet, men litt usikker så tok ein liten runde der oppe. Det var så mykje skog på toppen at eg prøvde ikkje å sjekke om det var noko utsikt.
Høgafjellet
- Dato:
- 10.07.2024
- Distanse:
- 3,6km
Etter den fine dagen i går var dagen i dag våt og grå. Då passar det godt med slike skogkledde småtoppar som eg nok ikkje hadde tenkt at var verdt eit besøk, dersom dei ikkje stod på samlelista. Me kravla oss opp i bratt terreng og var enige om at me håpa å finna ein bedre veg nedatt. Siden det var ein postkasse på toppen som det var notert navn i regelmessig i, følgde me stien som leda ned frå denne. Sjølv om me missa stien eit par gonger, var det ein god sti og me enda nede i Sandvik og så gjekk me bilvegen opptatt til parkeringen ved Sandviktjørna.