Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (1)
- Expedition (1)
-
Ski trip (17)
- Backcountry skiing (7)
- Randonnée/Telemark (10)
- Trip by foot (82)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Siggjo på Bømlo
- Date:
- 25.07.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 4.3km
Tåka forsvant akkurat i tide. Noko opptrakka sti, men alt i alt ein kjempefin tur til Bømlos høgste topp
Runde i Laurdalen (Frøhornet, Felden, Klakken og Lisjetoren)
- Date:
- 13.07.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:04h
- Distance:
- 10.8km
OBS! Denne runda bør ikkje gjerast av folk som er høgderedde. Turen over "knivseggja" er veldig luftig, og ganske krevande. Eg hadde gjort min research, og eg lid ikkje av høgdeskrekk, men til og med eg kjente godt på det i eit par av partia. Men er ein forsiktig, og det er tørt og fint, så går det bra. Denne turen hadde eg planlagt i lengre tid. Spesielt å besøke Lisjetoren, som ser så innbydande ut nede frå Bjørkedalen. Planen var oppprinneleg å ta turen ei helg, og plukke med seg Storetoren til slutt, men sidan turen vart gjort på ein kvardag måtte vi droppe den. Vi valgte å ta med "omvegen" opp til Frøhornet dog, for å få ein ekstra 1000-meterstopp. Turfølget denne dagen va Kristian og Ove. Alt i alt ein strålande tur, der det einaste vesle minuset >>>
Festøykollen i tåke og regn
- Date:
- 11.07.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:43h
- Distance:
- 8.0km
Livet består av valg. Gode valg, og mindre gode valg. Valget om å forlate ein brukbart fin sommardag i Herøy for å gå Festøykollen i regn, vind og tåke må kategoriserast som eit svært lite godt valg. Ein tur for spesielt interesserte. Hadde det ikke vore for selskapet i dei tre andre kollegaane mine så hadde dette vorte huska som ein av dei verste turane. Noko av skylda var mi eiga, all den tid eg var altfor lettkledd, og det vart dermed iskaldt dei øvste 2-300 høgdemeterane. Null utsikt. Og so kaldt at eg ikkje orka å ta eit einaste bilde på turen. Ikkje orka eg å ete sjokolade på toppen ein gong. Det seier alt. Men nok ein topp er kryssa av på lista, og ein vakker dag - bokstaveleg talt - skal eg kanskje besøke Festøykollen igjen. Då får eg sikkert nytt utsikta også. PS >>>
Ulvestaddalen rundt
- Date:
- 06.07.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:18h
- Distance:
- 12.8km
Planen denne dagen var å kome seg opp på Velsvikskåla. I reseachen såg eg at nokon hadde tatt "runda" rundt Ulvestaddalen og dermed plukka fem toppar langs sin vei. Det hadde eg også lyst å gjere, så eg allierte meg med min kompis Kristian, og etter å ha solgt inn turen som "det teke vel ca 3-4 tima" so va vi klare etter å ha tatt 17:20 ferga frå Folkestad. Etter litt handling på nærbutikken så kom vi oss opp i dalen og til utgangspunktet for turen - Ulvestadsætra. Ein betalar 15kr i bompengar for å kome seg opp dit. So far so good. Vi hadde ein relativt kortfatta turrapport å gå etter, men tanken var å gå rett opp frå parkeringa til vi nådde ryggen vi kunne følge opp til første topp - Snøhornet. Det var også det vi gjorde. Der var mykje fluger på >>>
Hallehornet og Middagshornet frå Romedalen
- Date:
- 05.07.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:53h
- Distance:
- 6.4km
Dagens tur gjekk frå Steinsøylen, opp til Hallehornet og over ryggen bort til Middagshornet. En svært vakker fjelltur. I motsetning til sist eg besøkte Middagshornet så vart det same veg tilbake, heller enn å fortsette ned på andre sida av Middagshornet og retunere til Steinsøylen via dalen. Der var det vått og ikkje særleg bra å gå om eg huskar rett. Turen i seg sjølv kan nok best oppsummerast i bilder, heller enn ord.
Sandhornet og Rambjøra
- Date:
- 03.07.2017
- Distance:
- 6.1km
Skydekket ødela dessverre, til tross for at det letta litt akkurat på toppen. Dette føltes som ein tur seint i oktober, kontra ein midtsommars. Vart betre på vegen ned, og stakk innom Rambjøra på vegen ned. Fekk med både rype og havørn, samt ein flott regnboge i Follestaddalen.
Høgåsen
- Date:
- 02.07.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:38h
- Distance:
- 2.7km
Etter at Laupsnipa hadde fått slagget ut av kroppen var det like greit å plukke ein topp til når ein først var "i området". Dermed vart det ein kjapp tur opp på Høgåsen også, sidan den er på lista det vert samla etter for tida. Høgåsen er ein fin liten tur med vakker utsikt mot Herøy frå toppen. Nokre vil sikkert også hevde at ein ser Ulsteinvik herfrå, men det la eg ikkje merke til :) Fascinerande "skogtunnel" på vegen opp er noko som sikkert gjer turen spennande for ungar.
Søndagstur på Laupsnipa
- Date:
- 02.07.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 4.2km
Beina var tunge. Vinen hadde betre effekt i går enn i dag. Det regna. Men etter at gårsdagen vart ødelagt grunna lavt skydekke var det berre å kome seg ut. Laupsnipa er ein av mine favorittoppar i Herøy, grunna fin tur i tillegg til god utsikt heile vegen. Alt i alt ein fin søndagstur, til tros for svært bedagelig tempo oppover. Akkurat i dag var det derimot heilt rett.