Festøykollen i tåke og regn (11.07.2017)  2


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 43min
Distance 8.0km
Vertical meters 963m
GPS
Ascents Festøykollen (912m) 11.07.2017

Livet består av valg. Gode valg, og mindre gode valg. Valget om å forlate ein brukbart fin sommardag i Herøy for å gå Festøykollen i regn, vind og tåke må kategoriserast som eit svært lite godt valg.

Ein tur for spesielt interesserte. Hadde det ikke vore for selskapet i dei tre andre kollegaane mine så hadde dette vorte huska som ein av dei verste turane. Noko av skylda var mi eiga, all den tid eg var altfor lettkledd, og det vart dermed iskaldt dei øvste 2-300 høgdemeterane.

Null utsikt. Og so kaldt at eg ikkje orka å ta eit einaste bilde på turen. Ikkje orka eg å ete sjokolade på toppen ein gong. Det seier alt.

Men nok ein topp er kryssa av på lista, og ein vakker dag - bokstaveleg talt - skal eg kanskje besøke Festøykollen igjen. Då får eg sikkert nytt utsikta også.

PS Bildet er tatt frå Barstadvika på returen.

Start date 11.07.2017 17:54
(UTC+01:00 DST)
End date 11.07.2017 20:37
(UTC+01:00 DST)
Total Time 2h 43min
Moving Time 2h 38min
Stopped Time 0h 4min
Overall Average 2.9km/h
Moving Average 3.0km/h
Distance 8.0km
Vertical meters 963m

User comments

  • -
    avatar

    Kvar sin gong :)

    Written by Freeflex 12.07.2017 02:29

    For ordens skyld vil eg seie at dette er ein veldig fin topp med glimrande utsikt for forholdsvis lite innsats. Ingenting er dog særlig kjekt tynnkledd i tåka ;)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.