Da var årets fyrste topptur på ski en realitet. Et skranglete kne har gjort at dette har vorte utsatt og utsatt, men no var det på tide å teste litt, samtidig som en kunne krysse av årets første av dei planlagte 10 nye toppane over 1000m for 2015. Eidskyrkja har vore på lista mi sida første tur på kvivsvegen, då den ruvande toppen gjorde meg meir enn nysgjerrig!
Det var varierande føreforhold, og varierande sikt underveis på turen, og "som vanlig" var det dårlig med utsikt på toppen når det er skitur det er snakk om. Men alt i alt en veldig fin tur som kan anbefalast!
Ikkje like mykje knipsing denne gongen, men limer likevel inn nokre "blinkskudd".
Skinnviksetra. Som førstereis so vart det et ørlite feilvalg av rute heilt frå starten av, men vi berga oss inn igjen etter kvart :) Vi burde kryssa brua der nede og holdt os lenger sør i dalen p åvei opp
Et lite tilbakeblikkspanorama mot Austefjorden. Vi ser Skinnviksætra litt til venstre i bildet med dei gule/oransje markane. Middagshornet/Nonshornet (880 m.o.h) til høgre i bildet.
Etter å ha surra oss for longt nord opp mot Litle Eidskyrkja måtte vi ta ei drastisk ruteendring som medførte av med skia, og ned ei lyngskråning. Passa fint for dagens første sjokoladepause
Utsikta frå rasteplassen opp mot breen/passet. Dette partiet vi ser her gav for øvrig den beste delen av nedkøyrninga seinare. Då var snøen passe mjuk.
Et lite øyeblikk med sikt på oversida av passet. Vi møtte på folk som snudde, men der var folk foran oss og dei små lyspunkta i skodda gjorde at det gikk greit å orientere seg. Også her var det finfin nedkøyring, hadde det ikkje vore for sikta...
Endelig på toppen. Varme og tørre kle på plass og då er det berre å bruke skia som siteunderlag og nyte...ikkje utsikta...men nista :) Kraftig tåke og null utsikt på toppen.
Nesten nede. Nedkøyringa foregikk via "korrekt" rute. Då veit en det til neste gong, for det er slett ikkje umulig at Eidskyrkja blir besøkt igjen. Takk for turen!
Benutzerkommentare
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.
Benutzerkommentare