Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Nevelfjell

Dato:
03.05.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:39t
Distanse:
8,6km

Fin skitur til Nevelfjell i dag også. Bra ver, fast snø. Isete i det som har vore oppkøyrde løyper, noko som medførte at det enklaste var å gå utanfor desse. Gjekk ei ny rute (for meg) opp på sørsida. Litt våt, men fast, snø i solhellinga. På veg nedover køyrde eg ned austsida, og der var det framleis tørr snø etter snøfallet tre dagar tidlegare. Dette medførte at mitt val av isklister var dårleg! Bra med folk på tur i dag, det var for eksempel 5 personar samtidig med meg på toppen. Trur det kan vere bra skitilhøve her kanskje til og med 17. mai, men det kjem jo an på korleis veret blir framover.

Kart    

Nevelfjell

Dato:
26.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
9,4km

Som seg hør og bør, vart det ein tur til Nevelfjell i dag også. Det var kome nysnø i terrenget og på vegen, godt eg ikkje hadde skifta til sommardekk. Nysnøen gjorde skituren oppover og nedover ganske behageleg. Stort sett sol, -2 grader på toppen.

Kart    

Nevelfjell

Dato:
18.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
9,4km
Kart    

Veslkringla

Dato:
12.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
6,6km

Skitur til Veslkringla. Starta turen i Blæsterdalen, og knalla oppover. Det var mykje roten snø omlag opp til tregrensa, etter det var det betre, med ein blanding av nysnø og vindblåst snø. Frå og med litt over 1000 m.o.h. var det mykje bart og vindblåst, så då sette eg av meg skia og beina opp til toppen. Fin utsikt mot Rondane i sør, og mot Atndalen, Folldal m.m. Strålande sol og frisk vind.

Kart    

Pikhetta og Mehøi

Dato:
03.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:09t
Distanse:
16,6km

Fin skitur frå Gravbekklii til toppane Pikhetta og Mehøi. Greie nok snøtilhøve, men som vanleg litt lite snø ein del plassar, særleg over flya før siste oppstigninga + dei øvste 20-40 høgdemeter før båe toppane. På sistnemnde måtte eg gå til fots. Eg starta med Mehøi før sjølve rosinen i pølsa, Pikhetta, vart bestige. Fin sol denne dagen, og frisk vind på toppane.

Kart    

Skitur til Skjenafjellet og Kidliknappen

Dato:
23.03.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:43t
Distanse:
16,5km

Skitur til to staselege toppar ovanfor Gudbrandsdalens bakside. Fin sol, fin utsikt, i det heile teke flott stemning. Turen vart gått frå Musdalsetra og nordover mot Roåker i oppkøyrde spor. Trakka deretter mine eigne spor oppover bakkane, først sørover mot Skjenafjellet, deretter gjekk eg nordover mot Kidliknappen. Fint nedrenn mot Roåker, og deretter tilbake same vegen til Musdalsetra. Dette er ein tur som kan anbefalast. Vegen opp til Roåker er vinterstengt, så Musdalsetra verkar til å vere beste startstaden for skitur.

Kart    

Kombinert sommar- og vintertur til Nevelfjell

Dato:
27.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
9,5km
Kart    

I gang med Gausdal!

Dato:
24.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:34t
Distanse:
10,9km

Då er eg litt meir systematisk i gang med toppsamling i Gausdal etter noko meir sporadisk samling tidlegare. Starta skituren ved Solbjør og gjekk opp til Muribrekkhøgda gjennom skog, hogstfelt og over myr til eit ganske fint topplatå på Muribrekkhøgda med noko utsikt mot Skeikampen og Bjørga i nord. Rente deretter ned i Muribrekkdalen og gjekk så opp til Trettehøgda. Fin utsikt mot Skeikampen og Bjørga litt nord for toppen, medan sjølve topplatået låg litt gøymt i skog. Deretter var det nedrenn til Solbjør. Køyrde deretter oppover mot Hovdekollen for å sjå om det var mulig å køyre langt nok opp til at eg rakk å gå på Hovdekollen før eg måtte vende nasa heim. Dette gjekk an, og eg fekk ein fin og liten topptur til Hovdekollen. Utsikt mot Raudsjøen, Skeikampen og Bjørga >>>

Kart    

Fjelltur i Folldal austfjell

Dato:
18.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:45t
Distanse:
16,2km
Kart    

Skipost 12 april 2014

Dato:
11.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:26t
Distanse:
7,6km

Kart