Archive - Date
Archive - Activity
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (258)
- Backcountry skiing (73)
- Cross-country skiing (176)
- Trip by foot (473)
Veslkringla
- Date:
- 12.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:17h
- Distance:
- 6.6km
Skitur til Veslkringla. Starta turen i Blæsterdalen, og knalla oppover.
Det var mykje roten snø omlag opp til tregrensa, etter det var det betre, med ein blanding av nysnø og vindblåst snø. Frå og med litt over 1000 m.o.h. var det mykje bart og vindblåst, så då sette eg av meg skia og beina opp til toppen.
Fin utsikt mot Rondane i sør, og mot Atndalen, Folldal m.m. Strålande sol og frisk vind.
Pikhetta og Mehøi
- Date:
- 03.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:09h
- Distance:
- 16.6km
Fin skitur frå Gravbekklii til toppane Pikhetta og Mehøi.
Greie nok snøtilhøve, men som vanleg litt lite snø ein del plassar, særleg over flya før siste oppstigninga + dei øvste 20-40 høgdemeter før båe toppane. På sistnemnde måtte eg gå til fots.
Eg starta med Mehøi før sjølve rosinen i pølsa, Pikhetta, vart bestige.
Fin sol denne dagen, og frisk vind på toppane.
Skitur til Skjenafjellet og Kidliknappen
- Date:
- 23.03.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 3:43h
- Distance:
- 16.5km
Skitur til to staselege toppar ovanfor Gudbrandsdalens bakside. Fin sol, fin utsikt, i det heile teke flott stemning.
Turen vart gått frå Musdalsetra og nordover mot Roåker i oppkøyrde spor. Trakka deretter mine eigne spor oppover bakkane, først sørover mot Skjenafjellet, deretter gjekk eg nordover mot Kidliknappen.
Fint nedrenn mot Roåker, og deretter tilbake same vegen til Musdalsetra.
Dette er ein tur som kan anbefalast. Vegen opp til Roåker er vinterstengt, så Musdalsetra verkar til å vere beste startstaden for skitur.
Kombinert sommar- og vintertur til Nevelfjell
- Date:
- 27.04.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 9.5km
I gang med Gausdal!
- Date:
- 24.04.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:34h
- Distance:
- 10.9km
Då er eg litt meir systematisk i gang med toppsamling i Gausdal etter noko meir sporadisk samling tidlegare. Starta skituren ved Solbjør og gjekk opp til Muribrekkhøgda gjennom skog, hogstfelt og over myr til eit ganske fint topplatå på Muribrekkhøgda med noko utsikt mot Skeikampen og Bjørga i nord. Rente deretter ned i Muribrekkdalen og gjekk så opp til Trettehøgda. Fin utsikt mot Skeikampen og Bjørga litt nord for toppen, medan sjølve topplatået låg litt gøymt i skog. Deretter var det nedrenn til Solbjør. Køyrde deretter oppover mot Hovdekollen for å sjå om det var mulig å køyre langt nok opp til at eg rakk å gå på Hovdekollen før eg måtte vende nasa heim. Dette gjekk an, og eg fekk ein fin og liten topptur til Hovdekollen. Utsikt mot Raudsjøen, Skeikampen og Bjørga >>>
Fjelltur i Folldal austfjell
- Date:
- 18.04.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:45h
- Distance:
- 16.2km
Skipost 12 april 2014
- Date:
- 11.04.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 1:26h
- Distance:
- 7.6km
Skipost 13 april 2014
- Date:
- 01.04.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 1:06h
- Distance:
- 6.7km
Hovde og Budeiberget
- Date:
- 27.03.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:37h
- Distance:
- 15.0km
Bjørnhaugen, Nylsfjellet og Botilhaugen
- Date:
- 12.03.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:16h
- Distance:
- 17.7km
Tretoppstur i Nordre Land. Sjå GPS-spor.
Første del av turen gjekk til Bjørnhaugen. Toppen ser enkel og overkomeleg ut på kartet. Den gang ei! Bratte parti mot toppen og til dels tett skog gjorde turen utfordrande. Det var ikkje berre å ta av seg skia heller, 1-2 meter delvis våt snø som der var. Brukbar utsikt frå toppen.
Deretter gjekk turen til Nylsfjellet. Stigning opp gjennom skog og over masse snødekte tre som var bøygd ned og dekt av store snøkular, noko som gjorde at turen oppover var som ei slags kuleløype. Fint på toppen, der var det eit relativt flatt parti der høgfjellfølelsen kom godt fram! Flott utsikt frå toppen i mange retningar!
Deretter var det retur til bilen. Gjekk over ei myr vest for Øytjernsætra. Eit ope hol i snøen her indikerte snødjup på nesten 2 >>>