Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Minitopptur i Gropmarka

Datum:
21.04.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
4,5km
Karte    

Snuen

Datum:
03.03.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
15,7km

Årets første skikkelege topptur gjekk i litt for fint og tjukt pudder, men eg vart redda av eit scooterspor og at snøforholda vart enklare å ha med å gjere over skoggrensa. Generelt vart det ein bra tur. Eg gjekk riktig nok glipp av herrestafetten i ski-VM. Men pytt pytt, slik er det når ein har mange goder å velje mellom :) Turen gjekk i oppkøyrde spor opp til Oppsjøhytta, etterpå var det berre til å knalle eigne spor (dvs. litt scooterspor vart det opp til ca. 980 m.o.h.) I følgje boka på toppen er eg årets første på Snuen :) For dei som vil gå denne turen om vinteren, er det viktig å vere klar over at fv. 204 er vinterstengt, og at næraste startpunkt blir Spåtind vinterparkering.

Karte    

Bjørga, Kyrakampen m.m.

Datum:
16.05.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
3:40h
Entfernung:
14,2km

Strålande og solrik dag i Gausdal. Fine tilhøve, fast snø og godt skiføre (iallfall tidleg på dagen). Bjørga vart min topp nr 400 (definert som toppar med primærfaktor 50 meter eller meir). Det ekstra sporet på Bjørga indikerer tur til ein geocache. Inkludert i informasjonen om km, høgdemeter og tid er turen til Bjørga på 2,0 km tur-retur også inkludert, men ikkje synt i kartet, då dette ikkje gjekk.

Karte    

Jentehaugen og Ohovde

Datum:
05.05.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
4:40h
Entfernung:
14,4km

Skitur i flott og varmt vårver. Føret var litt slush, men ikkje verre enn eg hadde trudd, då det stort sett framleis er kuldegrader om natta her. Terrenget er meir kupert enn kva høgdekotene indikerer, og gav ein artig, men til tider litt utfordrande tur, med skog og bratt terreng. Jentehaugen var første topp, ingen jenter der i dag. Ohovde var andre topp, og den bydde på flott utsikt og ein geocache på kjøpet.

Karte    

Nevelfjell

Datum:
24.04.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:41h
Entfernung:
9,3km
Karte    

Storskarvola

Datum:
25.03.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
2:02h
Entfernung:
15,0km

Skitur frå Stormoegga fritidspark opp på Storskarvola. Hardt, men greitt skiføre på veg opp i oppkøyrde løyper. Tok av frå oppkøyrde løyper og mot Storskarvola. Her var det fritt val mellom å gå på bar mark på solsida eller snø i skuggesida. Måtte renne litt, derfor vart det opp og ned på snøen. Dårleg batteri på klokka medfører at det berre er oppoverturen som vart logga, denne er synt på kart. Ned att kom eg slik at eg kom inn på skiløypa att nokre hundre meter aust for Reinsliåsan/Åsan p-lomme . Litt foto her:

Karte    

Nevelfjell

Datum:
10.05.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:50h
Entfernung:
9,1km
Karte    

Nevelfjell

Datum:
03.05.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:39h
Entfernung:
8,6km

Fin skitur til Nevelfjell i dag også. Bra ver, fast snø. Isete i det som har vore oppkøyrde løyper, noko som medførte at det enklaste var å gå utanfor desse. Gjekk ei ny rute (for meg) opp på sørsida. Litt våt, men fast, snø i solhellinga. På veg nedover køyrde eg ned austsida, og der var det framleis tørr snø etter snøfallet tre dagar tidlegare. Dette medførte at mitt val av isklister var dårleg! Bra med folk på tur i dag, det var for eksempel 5 personar samtidig med meg på toppen. Trur det kan vere bra skitilhøve her kanskje til og med 17. mai, men det kjem jo an på korleis veret blir framover.

Karte    

Nevelfjell

Datum:
26.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
9,4km

Som seg hør og bør, vart det ein tur til Nevelfjell i dag også. Det var kome nysnø i terrenget og på vegen, godt eg ikkje hadde skifta til sommardekk. Nysnøen gjorde skituren oppover og nedover ganske behageleg. Stort sett sol, -2 grader på toppen.

Karte    

Nevelfjell

Datum:
18.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
9,4km
Karte