Arkiv - datum

Arkiv - aktivitet

Listor jag samlar på

Facebook

Fire-toppars-tur kring Einunddalen: etappe 1

Datum:
22.07.2020
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
1:28t
Avstånd:
4,3km

Dagens første toppar, topp nr 80 og 81 i Folldal. Lite sti, men generelt lettgått terreng. Kaldt og mykje vind, men vi kan jo ikkje ha varmt vêr kvar dag!

Karta    

Fire-toppars-tur kring Einunndalen: etappe 2

Datum:
22.07.2020
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
2:43t
Avstånd:
7,6km

Så var det klart for etappe 2 etter oppvarming med relativt låge toppar. Her vart det meir stigning, og endå kaldare. Det var etter yr +2 grader på Høgegga og bra med vind, det kjentest sånn ut og! Lite sti, men lettgått og fint terreng over 1300 m.o.h. Bratt opp.

Karta    

Sundsfjellet (og Kjenuken)

Datum:
10.07.2020
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
4:46t
Avstånd:
9,2km

Fin tur til Sundsfjellet. Turen gjekk på god sti opp til cirka 800 m.o.h., deretter ein litt dårleg sti opp mot Kjenuken, før eg tok av mot Sundsfjellet. Då utsikten mot nord er betre frå Kjenuken, tok eg ein tur hit også.

Karta    

Ormhøgda

Datum:
13.10.2019
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
0,7km

Siste topp i dag. Det gjekk ikkje tydeleg sti her, men heftig blåmerking indikerer at her er det meininga at folk skal gå på tur! Skulle nesten tru at det var ein peakbookar som hadde gjort dugnad med å markere sti til toppen.

Karta    

Kråkhuguknatten

Datum:
13.10.2019
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
1:28t
Avstånd:
4,1km

Dagens mellomste topp. Følgde sti oppover, men denne gjekk ikkje direkte mot toppen, så eg knalla over ei myr. Her kom eg inn på ein ny merka sti, men også her måtte eg gå av merka sti for å kome mot toppen. Det var gjort forsøk på noko merking oppover, men det har ikkje lukkast å bli noko klar sti der, etter det eg kunne sjå. Det var skodde på toppen, men ut frå det eg kunne sjå, er det nok fin utsikt mot nordaust, frå toppen. Blanding av sti og ikkje-sti på veg ned att.

Karta    

Munkhattane

Datum:
15.09.2019
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
6,6km

Karta    

Dronningstien

Datum:
24.08.2019
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
6:30t
Avstånd:
14,4km
Karta    

Korstadkampen. Markert topp med mykje utsikt og lite besøk.

Datum:
09.08.2019
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
2:48t
Avstånd:
8,8km

Dagens tur gjekk til Korstadkampen. Eg gjekk langs sti, skogsveg og knalla så i terrenget rett opp mot toppen. Her var det flott utsikt til alle kantar, og svært bratt (!) ned på sørsida. På veg ned att var det markert merking for sti ned til hytte ved Holmtjønnet. Der stoppa markeringa opp. Fann ut at raskaste veg tilbake var på nordsida av Holmtjønnet, der det var ei blanding av ur og skogsterreng med teikn til sti, som etterkvart gjekk over i brukbar sti før turen gjekk tilbake på skogsvegen. Fin topp og fint turterreng, i grunn rart at det er såpass få som ser ut til å besøke denne toppen.

Karta    

Staurinibba, Dispahyrna og Geitafjellhyrna

Datum:
28.07.2019
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
7:45t
Avstånd:
16,2km

Karta    

Blæsterdalskollen inkludert 3 turpostar

Datum:
25.07.2019
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
0:52t
Avstånd:
3,4km
Karta