Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (486)
- Bergtour (215)
- Jogging (4)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (250)
-
Skitour (261)
- Langlauf (176)
- Tourenskilauf (76)
Gammalstøltoppen
- Datum:
- 24.05.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 1,1km
Dagens andre topp begynte utanfor eit svært høgt gjerde og ei svært høg grind. Gjekk langs jordet for å hindre ferdsel over dyrka mark. Kom så opp i skogen og etterkvart på toppen.
Noko utsikt frå toppen.
Gravatjernhaugen
- Datum:
- 24.05.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,4km
Dagens første topp var ein av tre der alle hadde felles at eg kom til å bli første peakbookar på toppen!
Turen til Gravatjernhaugen gjekk først langs skogsveg med god standard, deretter meir traktorveg før eg knalla opp i terrenget mot toppen. Eg fann ein sti, men det viste seg nok at dette var eit av fleire elgtrakk. Var elles fint skogsterreng her.
På veg ned trudde eg at eg gjekk rett veg/rett sti, men fann snart ut at eg gjekk for langt mot nord, så eg dreide litt for å kome tilbake på rett plass.
Det var enkelte snøklattar igjen i terrenget her og der.
På veg tilbake langs skogsvegen møtte eg to turgåarar som tydeleg var forbausa over at andre enn dei sjølve gjekk på tur i området her :)
Skriverhaugen
- Datum:
- 02.11.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,4km
Dagens tredje topp kunne by på fin natur opp, merka sti heile vegen, og forholdsvis god utsikt frå toppen. Turen og toppen var høgdepunktet blant dei fire toppane eg gjekk på i dag.Det var varierande myrterreng og skog, og ekstra blautt i terrenget var det nok på grunn av kraftig regnvêr dagen før og helga før.
Sollihøgda - utsiktstopp med lite besøk
- Datum:
- 02.11.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 0,9km
Dagens andre topp var ein liten avstikkar frå hyttefelt i Jenssvea. Det gjekk ein delvis tydeleg sti oppover, med ein liten avstikkar mot toppen.
Toppen har bra utsikt, men verkar ikkje til å ha mykje besøk.
Sæterhaugen
- Datum:
- 02.11.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 1,3km
Dagens første topp var Sæterhaugen. Kort veg frå snuplassen nord for toppen. Fin sti gjennom skogen. Vått i terrenget etter gårsdagens regnvêr.
Ut frå toppbeskrivelse m.m. kunne det sjå ut til at det gjekk greitt å køyre til snuplassen så lenge bommen var open. Det var ein liten øvelse. Standarden begynte sånn toleleg bra, så eg køyrde på med optimisme, men vegen vart gradvis dårlegare oppover med djupe hjulspor og greiner som stakk ut i vegen. Anbefalar altså ikkje bil opp, så sant den ikkje er høg i underkant.
Liaberget
- Datum:
- 07.09.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,2km
Dagens fjerde og siste topp var også den hardaste. I lengd og høgdemeter burde den vere enkel, men den var forholdsvis krevjande. Det var mykje buskas og slikt, særleg i den nedste bratte delen. Eg hadde desssverre gløymd machete. Det var enkelte stiar som kunne sjå ut til ikkje å berre vere sauesti, men dei forsvann like fort som dei dukka opp.
Sannsynlegvis ikkje ein veldig godt besøkt topp, mulig toppsamlarar på Peakbook utgjer fleirtalet.
På kartet står det forresten at toppen heiter Kløvberget.
Hovdahøgdi
- Datum:
- 07.09.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 0,9km
Hovdahøgdi er ingen spektakulær topp. Ingen veldig spennande tur heller, turen gjekk gjennom hogstfelt, som no har begynt å gro igjen med gras og busker. Det gjekk sti mot toppen, men ikkje heilt samanhengande,
Ein fordel med hogstfelt er at det blir god utsikt, og utsikten herifrå var akseptabel.
På kartet står det elles Hovdahaugen.
Kollhaugen
- Datum:
- 07.09.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 1,9km
Dagens første topp var Kollhaugen. Her gjekk det ein brukbar sti heile vegen. Det var veldig vått i terrenget, mest på grunn av store mengder dogg i terrenget. Turen gjekk i skogen, men på toppen reiste seg så vidt over skogen.
Storehøgahaugen
- Datum:
- 10.08.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,8km
Dagens fjerde og siste topp var også den lengste turen, blant elles korte toppturar. Det var ingen sti her, men generelt forholdsvis lettgått terreng i open skog. Litt utsikt langs turen og frå toppen.
