Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Hemrumsvarden

Dato:
31.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:20t
Distanse:
7,6km

Tur til Hemrumsvarden. Flott ver og veldig varmt å gå. Turen gjekk gjennom relativt tett granskog nedst og gjekk så over i meir glissen furuskog på berg frå og med 700 m.o.h. Det var god og lett sti å finne igjen heile vegen. Eg prøvde å returnere tilbaketuren mot nord då det var mindre snø enn forventa nedover lia. Greit med ein rundtur, men ingen tvil om at det er finast å gå opp frå sørsida, der eg starta.

Kart    

Strutsberget

Dato:
31.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
5,7km

Denne turen gjekk til Strutsberget. Trass i namnet møtte eg ingen strutsar på toppen. Turen går delvis langs Prestvegen, som visstnok skal vere frå den gangen Sollia i Atndalen tilhøyrde Ringebu prestegjeld. Her er det til dels god sti, men viktig med godt kart når ein skal finne fram likevel. Frå stien omlag ved 740 m.o.h. tok eg av mot Strutsberget, her gjekk ikkje det noko tydeleg sti oppover. Fin furuskog og fleire sandsteinsbenkar å forsere på veg opp. Ikkje veldig god sti antydar at denne "bynære" toppen neppe er blant dei mest besøkte i Ringebu.

Kart    

Ormhøgda

Dato:
13.10.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
0,7km

Siste topp i dag. Det gjekk ikkje tydeleg sti her, men heftig blåmerking indikerer at her er det meininga at folk skal gå på tur! Skulle nesten tru at det var ein peakbookar som hadde gjort dugnad med å markere sti til toppen.

Kart    

Kråkhuguknatten

Dato:
13.10.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:28t
Distanse:
4,1km

Dagens mellomste topp. Følgde sti oppover, men denne gjekk ikkje direkte mot toppen, så eg knalla over ei myr. Her kom eg inn på ein ny merka sti, men også her måtte eg gå av merka sti for å kome mot toppen. Det var gjort forsøk på noko merking oppover, men det har ikkje lukkast å bli noko klar sti der, etter det eg kunne sjå. Det var skodde på toppen, men ut frå det eg kunne sjå, er det nok fin utsikt mot nordaust, frå toppen. Blanding av sti og ikkje-sti på veg ned att.

Kart    

På tur med Tur

Dato:
10.10.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,5km
Kart    

Åvellhaugen

Dato:
06.10.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,2km

Fin tur til Åvellhaugen, der Helselaget har sørga for framragande merking heile vegen heilt til topps. Turen gjekk først på veg på grunn av stengt bom, før sti tok av mot nordaust. Usikker på kvaliteten av GPS-sporet, då det ser ut som eg gjekk ulike stiar på fram- og tilbaketuren. Men eg gjekk no langs same stien.

Kart    

Sollihøgda

Dato:
22.09.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,0km
Kart    

Sollihøgda

Dato:
19.09.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:31t
Distanse:
5,5km
Kart    

UTM-rutetur Lillehammer

Dato:
15.09.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,9km

Antatt nest siste UTM-rute i Lillehammer er eit faktum med denne turen.

Kart    

Munkhattane

Dato:
15.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,6km

Kart