Røgnhøgda (29.03.2025)


Startpunkt Skei parkeringsplass for langrenn (840m)
Endpunkt Skei parkeringsplass for langrenn (840m)
Tourcharakter Langlauf
Tourlänge 2h 12min
Entfernung 22,9km
Höhenmeter 493m
GPS
Besteigungen Røgnhøgda (1.138m) 29.03.2025 13:46

Super tur til Røgnhøgda i dag. Eg valde å bruke langrennski då cirka 18 km av denne turen ville gå i spor. Det gjekk greit å gå i terrenget til Røgnhøgda elles, sjølv om her hadde nok fjellski gjort meir nytten. Det var skareføre med enkelte stader ein sokk gjennom.

Eg var litt uroa over om sola ikkje ville kome slik at eg fekk med meg solformørkelsen denne dagen. Men det gjorde den, så eg fekk den fint med meg :) Hadde også investert i nye solformørkelsesbriller ;)

Det blåste godt på toppen, elles var det varmt og "lummert" då eg kom ned til oppkøyrde spor igjen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.