Liadal - Vartdal (28.07.2020)


Map
Ascents Bergehornet (1,024m) 28.07.2020
Grøthornet (1,046m) 28.07.2020
Liahornet (1,035m) 28.07.2020

Kjørte til Halse og fulgte vegen til veis ende. God parkering her inne, men heilt klart ikkje den best grusa vegen eg har køyrt på. Fulgte sti inn til Liadalssetra og kryssa elva på brua. Fulgte stien mot Vartdal eit stykke for å tjene nokre høydemeter i greit terreng. På ein tydeleg morenerygg oppunder Grøthornet tok eg av og gjekk bratt opp via eit par steinurer og inn i Skåla. På denne måten slapp eg å bakse meg gjennom småskogen som låg lenger nede i dalen. Trur det var eit lurt vegval. Lettgått innover til Skålaskaret. Tok først turen opp på Liahornet. Fulgte egga utan store utfordringar her. Blei ikkje lenge då det både bles og regna. På veg nedover egga prøvde eg å sjå meg ut beste vegen oppover mot Grøthornet. Eggekanten såg stort sett grei ut så eg prøvde meg fyrst her. Veit at det alltid er enklare å klive oppover enn nedover så eg ville ikkje prøve meg lenger enn at eg var sikker på å greit kunne returnere nedatt. Det er trass alt for dumt å bli ståande fast. Til slutt måtte eg berre innsjå at det blei i bratteste laget på sleipt føre og måtte nedatt ein del høgdemeter. Slapp å gå heilt nedatt til skaret då eg fann nokre hyller som tok meg litt sør og over kanten. Når ein runda kanten var det enkelt vidare til toppen av Grøthornet. Videre bar det nordaustover langs ryggen. Formen var forsatt fin på høgde 950 (med varde på), så valgte å forsette over Raudetindane og nordover til Bergehornet. Partiet mellom Grøthornet og Bergehornet var ein fryd å gå, og vêret hadde betra seg så tok ein lengre pause og naut utsikta på Bergehornet. Retur tilbake til høgde 950, og enkelt ned austryggen av Grøthornet. Stien i først delen av Liadalsdalen var alt anna enn enkel å finna, men terrenget her var lettgått så det bar ikkje på store problem. Fann ein tydelig sti lenger nede (den samme eg hadde brukt oppover) og returnerte til bilen etter ca 8 timer på tur. Alt i alt ein kjempeflott tur i eit lite nytta turområde.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.