Grytenuten (20.07.2019)


Map
Ascents Grytenuten (863m) 20.07.2019

Parkerte ca på høgste punkt ved veien mellom Hebnes og Vormestrand. Her gjekk det ein skogsveg opp gjennom lia som me fulgte eit godt stykke. Oppe på ryggen fulgte me merka sti vidare først mot Melenuten, før me gjekk vidare opp på "Grytennutplatået". Etter oppstigninga er det eit godt stykke litt opp og ned før ein siste oppstigning til sjølve Grytenuten. Sti heile vegen.

Flott utsikt, men veret kunne vore klarare. På returen gjekk me innom Fossanibbå. Den var skilta, men stien ut hit var så som så. Fann uansett fram. Her heng ein siste rest av fjellsida over Vormestrand igjen, reknar med den og rasar ut ein gong.

Retur samme veg som me kom opp. Hugsar ikkje tidsbruken, men me hadde nok tid til å kjøpa is på Marvik og køyra til Finnvik før me måtte returnera til Hebnes for å rekka ferga.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.