Velsvikskåla (27.06.2020)


Map
Ascents Skåla (1,008m) 27.06.2020

Parkerte ved dyrka mark på Haugen i håp om å finne ein veg opp til skaret mellom Dyna og Litlenipa. Det var eit skilt merka Dyna nede ved parkeringa, men etter litt rekognosering måtte me innsjå at stien ikkje var å oppdriva. Blei mykje kaving opp gjennom eit hogstområde retning Dyna, før me etter kvart som me kom opp i høgda runda bortover mot skaret. I skaret såg me eit merke som me bestemte oss å sjå etter på veg ned.

I frå skaret var det enkelt å fylgja ryggen heile vegen opp. Først via Litlenipa og vidare rundt Koppeskåla. Enkel og grei tur her oppe, men nærmast i overkant varmt til å gå tur denne dagen. På toppen var det ei vid utsikt over heile Ytre Søre og langt innover fjordane. Gjegnen kneisar som vanleg i sør. Må opp der ein gong.

Enkelt ned att til skaret. Her fann me igjen merket me registrerte og såg eit nytt merke lenger nede. Eit stykke var det tydelig sti og merking før me kom ned til hogstfeltet. Her fann me ut at merkinga var gjort med brøytestikker i ein annan farge. Vel nede igjen kunne me konstantere at at stien starta i øvre venstre hjørne sett nede i frå bilen.

Turen tok ca 2,5 time opp og 1,5 time ned. Både grunna betre veivalg, samt varmen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.