Vassdalstind (30.07.2017)


Map
Ascents Vassdalstinden (1,277m) 30.07.2017

Kjørte opp til Vallasetra inn fra Ørsta. Her finn ein skilt som viser veg mot Vassdalstind. Spredte rødmerkingar og vardar viser veg på ein stort sett tydeleg sti. Turen starta rett på opp ein bratt grasbakke til venstre for elva som kjem ned frå Bukkedalen. Etter ca 400 høgdemeter kjem ein inn i Bukkedalen. Her flatar det litt ut og me gjekk dalen nærmast til endes. Passerte ein bekk som kom frå sjølve toppområdet og gjekk på vidare bratt opp i høgre kant av denne. Dei siste 2-300 høgdemetrane vart det klyving på austegga. Heilt i starten var det eit litt småvanskeleg opptak, men omgjekk dette på veg ned då me gjekk litt nærare bekken. Dessverre var det lite utsikt på toppen, då skyene ikkje ville sleppe taket. Venta ein time på toppen, men det hjalp ikkje. Brukte ca 2,5 time opp og det same ned att. Me brukte klart lengre tid ned enn opp klyvepartiet. Avslutta med bading nede på setra i kulpen i bånn av grasbakken. Herleg forfriskande.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.