Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (13)
- Trugetur (13)
- Fottur (519)
-
Skitur (130)
- Fjellskitur (128)
- Langrennstur (2)
-
Sykkeltur (5)
- Blandet sykling (5)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favorittopper
Gutughei og nabotopper
- Dato:
- 27.06.2018
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 8:00t
Gjekk først på Klevehei frå vegen til Åmdalen. Fulgte skogsvegen på sørsida og så opp gjennom skogen. Tilbake igjen austover og kom då inn på ein gjengrodd skogsveg med atv-spor ned til Røyseland. Kjørte så 4 km sørover til høgaste punkt på Mydlandsveien og gjekk så opp til Gotogheiå. Ned igjen kom eg inn på ein gjengrodd skogsveg ned til Mydland. Så sørover på grusveg gjennom eit hyttefelt og vidare i terrenget til Lihei og Jåddanstøå uten sti. Gjekk ned til Kvestad og fulgte vegen tilbake til Mydladsvegen. Var oppom Annaråsen til slutt der det er mobilmast, men ikkje sti.
Stakksteinsliknuten og nabotopper
- Dato:
- 26.06.2018
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 8:00t
Frå fv 43 ved Snartemo kjørte eg over brua rett nord for jernbanebrua og parkert i den første skarpe svingen. Derfrå gjekk eg oppover på grusvegen der det var skilta tursti til Stakksteinsliknuten. Tok avstikkere opp til Ørnehei og Loneheia som ikkje har sti. Grusvegen går heilt til topps på Stakksteinsliknuten der det er ein meteorologisk radar som ses som ein kvit kuppel på avstand. Det er også sikteskive og vardebok på toppen. Ikkje dei heilt store besøkstala sjøl om dette er ein lett tilgjengelig topp takka vere vegen. Denne toppen må nok inn på listene over signaltopper med vei og sikteskiver. Kunne bl.a sjå Voreknuten i Lund og Skykula i Bjerkreim. Etter ein lang pause i varmt ver gjekk eg over Storskorshei som bare er 3 m lågare enn Stakksteinsliknuten. Fulgte så grusvegen >>>
Sinneskula
- Dato:
- 15.05.2018
- Turtype:
- Fjellskitur
Den vinterstengte Lysevegen blei åpna denne dagen og eg gjekk frå nordsida av Børsteinvatnet. Snøen har minka fryktelig fort denne våren i fleire varmeperioder frå midten av april, men stort sett samanhengande skiføre med litt kreativt rutevalg. Gjekk inn til turisthytta og kryssa vatnet og gjekk så vest for Vasstjørn opp til Simleknuten. Vidare sør- og sørvestover til Sinneskulå. Snøbart på det store platået på toppen. Høgaste punkt er trulig ca 100 m aust-nordaust for trigpunktet ved varden. ØK har 10 m-koter, men oppgav tidligare høyde 1189 et stykke aust for trigpunktet. Returen la eg på vestsida av Vassfellheii og Halvfarheii.
Urdalsknuten
- Dato:
- 26.05.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 11:00t
Vegstubben opp til Rosskreppdammen var ikkje brøyta i år slik den pleier så parkerte derfor nede ved Håhellervatnet. Gjekk så opp på demningen for å vurdere forholda på fjorden. Det såg forsåvidt greit ut men frykta det var ein del overvatn og det fekk eg rett i. Nå var det så varmt i veret, kanskje nærare 20 grader, at det var til å leve med å verte blaut i føtene. Det var ennå såvidt synlige snøskuterspor nordover.
I nordenden hadde det åpna seg vest for Juvassåna der eg har pleid å gå i land før. Fant ein grei plass å gå i land innanfor Stushellerodden og måtte bere skia i strandsonen bort til Solhellerbekkjen. Denne bekken var flaumstor pga snøsmelting og brua var ikkje lagt ut. Måtte derfor halda meg på sør- og vestsida oppover før eg klarte å krysse bekken >>>
Stutaheia
- Dato:
- 21.01.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 8:30t
Etter ein føremiddag med lågt skydekke klarna det opp og blei flott ver og eg såg mitt snitt til å sesongdebutere med skitur frå Hunnedalen. Mildveret siste 2-3 dager hadde tært en del på snøen, men ikkje så gale så eg hadde frykta. Snøen begynte å få skorpe i klarveret og det gjorde ikkje festet så godt men gjekk likevel greit.
Gjekk frå Tverråna nordover og fulgte vinterruta til Øyarvatnet. Det var mildt i høgden tross klarveret så uvanlig mildt til å vera i januar. Avblåst og lite snø på rygger og topper, men ellers samanhengande skiføre. Fleire andre var og ute på ski i området nord for Tverråtjødna. Nådde Stutaheia akkurat før sola gjekk ner, og rant vidare ned austover til Sandvatnet.
Temperatur viste 4 varmegrader på Sandvatnhytta så lurer på om den viser >>>
Tverråknuten og Hunnefjell
- Dato:
- 14.12.2016
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 12:00t
Snøfattig førjulsvinter så det blei fottur i det fine veret. Store temperaturkontraster med +3 gr heime, mens det var -6 gr i Hunnedalen denne føremiddagen. Gjekk opp sørryggen av Tverråknuten og vidare nordover mot Øyarvatn for å sjå an forholda. Planen var å evt gå over Øyarvatnet til Sandvatnet og Austra Blåfjell, men sidan Øyarvatnet låg åpent gjekk eg til Hunnefjell i plassen. Godt å gå på skaresnøen, men litt vel hardt og isete i den bratte nordsida til Søre Hunnefjell så isøks kom godt med der. Kom til topps i god tid før sola gjekk ner.
Var forveten på isforholda på Sandvatnet så eg gjekk vidare til Nordre Hunnefjell og nordover forbi Mohedlaren og Sandvatnhytta og ut på Sørkilen og ein god runde over Sandvatnet. Hadde med stor øks og tok fleire målinger. >>>