Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Gutughei og nabotopper

Date:
27.06.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Gjekk først på Klevehei frå vegen til Åmdalen. Fulgte skogsvegen på sørsida og så opp gjennom skogen. Tilbake igjen austover og kom då inn på ein gjengrodd skogsveg med atv-spor ned til Røyseland. Kjørte så 4 km sørover til høgaste punkt på Mydlandsveien og gjekk så opp til Gotogheiå. Ned igjen kom eg inn på ein gjengrodd skogsveg ned til Mydland. Så sørover på grusveg gjennom eit hyttefelt og vidare i terrenget til Lihei og Jåddanstøå uten sti. Gjekk ned til Kvestad og fulgte vegen tilbake til Mydladsvegen. Var oppom Annaråsen til slutt der det er mobilmast, men ikkje sti.

Map    

Stakksteinsliknuten og nabotopper

Date:
26.06.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Frå fv 43 ved Snartemo kjørte eg over brua rett nord for jernbanebrua og parkert i den første skarpe svingen. Derfrå gjekk eg oppover på grusvegen der det var skilta tursti til Stakksteinsliknuten. Tok avstikkere opp til Ørnehei og Loneheia som ikkje har sti. Grusvegen går heilt til topps på Stakksteinsliknuten der det er ein meteorologisk radar som ses som ein kvit kuppel på avstand. Det er også sikteskive og vardebok på toppen. Ikkje dei heilt store besøkstala sjøl om dette er ein lett tilgjengelig topp takka vere vegen. Denne toppen må nok inn på listene over signaltopper med vei og sikteskiver. Kunne bl.a sjå Voreknuten i Lund og Skykula i Bjerkreim. Etter ein lang pause i varmt ver gjekk eg over Storskorshei som bare er 3 m lågare enn Stakksteinsliknuten. Fulgte så grusvegen >>>

Map    

Sinneskula

Date:
15.05.2018
Characteristic:
Backcountry skiing

Den vinterstengte Lysevegen blei åpna denne dagen og eg gjekk frå nordsida av Børsteinvatnet. Snøen har minka fryktelig fort denne våren i fleire varmeperioder frå midten av april, men stort sett samanhengande skiføre med litt kreativt rutevalg. Gjekk inn til turisthytta og kryssa vatnet og gjekk så vest for Vasstjørn opp til Simleknuten. Vidare sør- og sørvestover til Sinneskulå. Snøbart på det store platået på toppen. Høgaste punkt er trulig ca 100 m aust-nordaust for trigpunktet ved varden. ØK har 10 m-koter, men oppgav tidligare høyde 1189 et stykke aust for trigpunktet. Returen la eg på vestsida av Vassfellheii og Halvfarheii.

Map    

Rundtur over Bekkjedalsknuten

Date:
27.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:30h
Map    

Urdalsknuten

Date:
26.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:00h

Vegstubben opp til Rosskreppdammen var ikkje brøyta i år slik den pleier så parkerte derfor nede ved Håhellervatnet. Gjekk så opp på demningen for å vurdere forholda på fjorden. Det såg forsåvidt greit ut men frykta det var ein del overvatn og det fekk eg rett i. Nå var det så varmt i veret, kanskje nærare 20 grader, at det var til å leve med å verte blaut i føtene. Det var ennå såvidt synlige snøskuterspor nordover. I nordenden hadde det åpna seg vest for Juvassåna der eg har pleid å gå i land før. Fant ein grei plass å gå i land innanfor Stushellerodden og måtte bere skia i strandsonen bort til Solhellerbekkjen. Denne bekken var flaumstor pga snøsmelting og brua var ikkje lagt ut. Måtte derfor halda meg på sør- og vestsida oppover før eg klarte å krysse bekken >>>

Map    

Endeheii

Date:
18.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:45h
Map    

Ørneheii

Date:
29.03.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:45h
Map    

Raudåknuten og Nonsknuten

Date:
28.03.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:00h
Map    

Stutaheia

Date:
21.01.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:30h

Etter ein føremiddag med lågt skydekke klarna det opp og blei flott ver og eg såg mitt snitt til å sesongdebutere med skitur frå Hunnedalen. Mildveret siste 2-3 dager hadde tært en del på snøen, men ikkje så gale så eg hadde frykta. Snøen begynte å få skorpe i klarveret og det gjorde ikkje festet så godt men gjekk likevel greit. Gjekk frå Tverråna nordover og fulgte vinterruta til Øyarvatnet. Det var mildt i høgden tross klarveret så uvanlig mildt til å vera i januar. Avblåst og lite snø på rygger og topper, men ellers samanhengande skiføre. Fleire andre var og ute på ski i området nord for Tverråtjødna. Nådde Stutaheia akkurat før sola gjekk ner, og rant vidare ned austover til Sandvatnet. Temperatur viste 4 varmegrader på Sandvatnhytta så lurer på om den viser >>>

Map    

Tverråknuten og Hunnefjell

Date:
14.12.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
12:00h

Snøfattig førjulsvinter så det blei fottur i det fine veret. Store temperaturkontraster med +3 gr heime, mens det var -6 gr i Hunnedalen denne føremiddagen. Gjekk opp sørryggen av Tverråknuten og vidare nordover mot Øyarvatn for å sjå an forholda. Planen var å evt gå over Øyarvatnet til Sandvatnet og Austra Blåfjell, men sidan Øyarvatnet låg åpent gjekk eg til Hunnefjell i plassen. Godt å gå på skaresnøen, men litt vel hardt og isete i den bratte nordsida til Søre Hunnefjell så isøks kom godt med der. Kom til topps i god tid før sola gjekk ner. Var forveten på isforholda på Sandvatnet så eg gjekk vidare til Nordre Hunnefjell og nordover forbi Mohedlaren og Sandvatnhytta og ut på Sørkilen og ein god runde over Sandvatnet. Hadde med stor øks og tok fleire målinger. >>>

Map