Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Topper rundt Seilvassdalen

Dato:
13.04.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
9:30t

Dette er ein uvanlig turvariant og for spesielt interesserte. Desse toppane er normalt lettast tilgjengelig frå Øvstabø eller Hunnedalen. Då eg var på Myrfjell og Storbakknuten tre dager tidligare fant eg ut at isforholda egna seg veldig godt for sykkeltur. Isen var rundt 25 cm, men i begynnande vårløysning. Leide sykkelen opp den asfalterte anleggsvegen til demningen i vestenden av Myrtjørna. Sykla så over isen på Myrtjørna og Stora Myrvatnet. Måtte leie sykkelen et stykke mellom dei to vatna sdan det var nedtappa etter vinteren. Totalt ca 6 km kvar veg over isen, og sykla i land i austenden ved Myrvik og gjekk opp austover til Bergan og ein rundtur over fleire namnlause topper i grensetraktene mellom Gjesdal og Sirdal rundt Seildalane eller Seilvassdalen som det står på nye kart. ØK plasserer Seilvassdalen >>>

Kart    

Bergeheii

Dato:
26.11.2018
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Storeknuten og Hønevassknuten

Dato:
25.11.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:30t
Kart    

Salomonsknutane

Dato:
23.11.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:00t
Kart    

Vardefjellet

Dato:
22.11.2018
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Rysstadåsen og Kisteknausen

Dato:
28.10.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:00t

Ankom Furestøyl-området dagen før for turen til Løefjell og Berefjell . Denne dagen ville eg ta ein lenger tur på sør for Myklevassåni/ Faråni. Det er åpen veg opp til Kvisletoppen hyttefelt som er eit nokså nytt hytteområde med mange fasjonable hytter til salgs. Gjekk forbi Stavtjørn opp til Rysstadåsen. Her var det faktisk god sti oppe på sjølve toppryggen. Blei ikkje klok på kor denne stien kom frå. Det er veg frå Rysstad opp i dalføret sør for Rysstadåsen, så mulig den stien går derfrå hvis den ikkje går frå Kvisletoppen. Det var frosne fotspor i stien og traff også tre stk denne dagen så det virker som ein bra besøkt topp dette sjøl om det ikkje var vardebok. Gjekk så tilbake igjen vestover over Kvævfjødd og ned den bratte sørsida forbi Stemtjørn og opp til Kisteknausen. Litt >>>

Kart    

Løefjell og Berefjell

Dato:
27.10.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:15t

Reiste frå eit solfylt Rogaland og Sirdal og over til ein overskya Setesdal og snøfnugg i lufta. Litt av ein nedtur! Det var då meldt fint ver i heile sør-Norge denne helga. Skulle eg få noko ut av dagen kunne eg ikkje forandre turplan heller. Heldigvis gjorde eg ikkje det, for det byrja å klarne opp frå nord. Gjekk frå hyttefeltet på Furestøyl på merka sti opp sørvestsida til Løefjell. Stien følger stort sett straum/ telefonlinja gjennom skogen opp til masta på toppen. Kom til topps akkurat då sola kom fram. Postkassen på toppen var tom for vardebok, men tydeligvis populær topp sidan det var fleire andre der oppe. Det er to jamnhøge topper ca 50 m frå kvarandre. Etterpå gjekk eg nordover forbi Akseltjørn og opp sørvestryggen til Berefjell. Så ned austryggen og opp på >>>

Kart    

Gyvassfjellet og Djupatjørnnuten

Dato:
01.09.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:45t
Kart    

Kaldåsknipa og Ullandhaug

Dato:
01.07.2018
Turtype:
Spasertur
Kart    

Lauvasskjosen og Himmelshei

Dato:
30.06.2018
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:00t

Parkerte i vegkanten og gjekk opp til Heddan gard som er ein gjestegard med utleie av hytter etc. Der er det skilta tursti vidare på god grusveg opp til Lauvatnet. Herfrå er det skilta mot Lauvasskjosen, men utydelig sti og ulendt terreng på nordsida av vatnet. Så greit opp i ei bratt grasdekt renne i søraustsida av Lauvasskjosen. Høgaste topp er litt aust for trigpunktet. På skiltet ved Lauvatnet står det "LAUVASSKJOSEN 687", men tvilsomt at toppen er 2 m høgare enn trigpunktet. Gjekk så vidare austover og ned i dalføret sørvest for Rossevatn. På austsida av bekken kom eg inn på ein merka men svak sti opp nordvestryggen til Valefjell der det er vardebok. "VALEFJELL 571" står det på toppen, men ifølge ØK med 1 m-koter er den bare 565 m. Dette er et utsiktspunkt >>>

Kart