Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vardefjellet

Datum:
22.11.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Rysstadåsen og Kisteknausen

Datum:
28.10.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:00h

Ankom Furestøyl-området dagen før for turen til Løefjell og Berefjell . Denne dagen ville eg ta ein lenger tur på sør for Myklevassåni/ Faråni. Det er åpen veg opp til Kvisletoppen hyttefelt som er eit nokså nytt hytteområde med mange fasjonable hytter til salgs. Gjekk forbi Stavtjørn opp til Rysstadåsen. Her var det faktisk god sti oppe på sjølve toppryggen. Blei ikkje klok på kor denne stien kom frå. Det er veg frå Rysstad opp i dalføret sør for Rysstadåsen, så mulig den stien går derfrå hvis den ikkje går frå Kvisletoppen. Det var frosne fotspor i stien og traff også tre stk denne dagen så det virker som ein bra besøkt topp dette sjøl om det ikkje var vardebok. Gjekk så tilbake igjen vestover over Kvævfjødd og ned den bratte sørsida forbi Stemtjørn og opp til Kisteknausen. Litt >>>

Karte    

Løefjell og Berefjell

Datum:
27.10.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:15h

Reiste frå eit solfylt Rogaland og Sirdal og over til ein overskya Setesdal og snøfnugg i lufta. Litt av ein nedtur! Det var då meldt fint ver i heile sør-Norge denne helga. Skulle eg få noko ut av dagen kunne eg ikkje forandre turplan heller. Heldigvis gjorde eg ikkje det, for det byrja å klarne opp frå nord. Gjekk frå hyttefeltet på Furestøyl på merka sti opp sørvestsida til Løefjell. Stien følger stort sett straum/ telefonlinja gjennom skogen opp til masta på toppen. Kom til topps akkurat då sola kom fram. Postkassen på toppen var tom for vardebok, men tydeligvis populær topp sidan det var fleire andre der oppe. Det er to jamnhøge topper ca 50 m frå kvarandre. Etterpå gjekk eg nordover forbi Akseltjørn og opp sørvestryggen til Berefjell. Så ned austryggen og opp på >>>

Karte    

Gyvassfjellet og Djupatjørnnuten

Datum:
01.09.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:45h
Karte    

Kaldåsknipa og Ullandhaug

Datum:
01.07.2018
Tourcharakter:
Spaziergang
Karte    

Lauvasskjosen og Himmelshei

Datum:
30.06.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:00h

Parkerte i vegkanten og gjekk opp til Heddan gard som er ein gjestegard med utleie av hytter etc. Der er det skilta tursti vidare på god grusveg opp til Lauvatnet. Herfrå er det skilta mot Lauvasskjosen, men utydelig sti og ulendt terreng på nordsida av vatnet. Så greit opp i ei bratt grasdekt renne i søraustsida av Lauvasskjosen. Høgaste topp er litt aust for trigpunktet. På skiltet ved Lauvatnet står det "LAUVASSKJOSEN 687", men tvilsomt at toppen er 2 m høgare enn trigpunktet. Gjekk så vidare austover og ned i dalføret sørvest for Rossevatn. På austsida av bekken kom eg inn på ein merka men svak sti opp nordvestryggen til Valefjell der det er vardebok. "VALEFJELL 571" står det på toppen, men ifølge ØK med 1 m-koter er den bare 565 m. Dette er et utsiktspunkt >>>

Karte    

Blomliknuten

Datum:
29.06.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:00h

Parkerte ved skisenteret mellom Lokavatnet og Bjennsvatnet og fulgte ein grusveg nordover på austsida av Lokavatnet og så på god sti opp til Blomliknuten. Ein av få topper i dette distriktet som har merka sti og vardbok på toppen. Faktisk er det også sikteskive. Utsikten i klarver er ganske bra, men ein ser stort sett bare skog og må ha kikkert for å kunne identifisere toppane langs horisonten. Hadde lang pause i det fine varme veret. Ned igjen fulgte eg stien mot Olavskjelda austover, men den stien blei gradvis meir utydelig så eg mista den. Gjorde derfor ikkje noko forsøk på å finne denne Olavskjelda, men gjekk vidare sørover i skogsterrenget til Litlåsen og Feiåsbergan. På sistnevnte står det ei mobilmast. Litt vest for denne kom eg inn på skogsveg som eg fulgte ned til >>>

Karte    

Ørneknipen og Nebdalsheia

Datum:
28.06.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:45h
Karte    

Gutughei og nabotopper

Datum:
27.06.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:00h

Gjekk først på Klevehei frå vegen til Åmdalen. Fulgte skogsvegen på sørsida og så opp gjennom skogen. Tilbake igjen austover og kom då inn på ein gjengrodd skogsveg med atv-spor ned til Røyseland. Kjørte så 4 km sørover til høgaste punkt på Mydlandsveien og gjekk så opp til Gotogheiå. Ned igjen kom eg inn på ein gjengrodd skogsveg ned til Mydland. Så sørover på grusveg gjennom eit hyttefelt og vidare i terrenget til Lihei og Jåddanstøå uten sti. Gjekk ned til Kvestad og fulgte vegen tilbake til Mydladsvegen. Var oppom Annaråsen til slutt der det er mobilmast, men ikkje sti.

Karte    

Stakksteinsliknuten og nabotopper

Datum:
26.06.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:00h

Frå fv 43 ved Snartemo kjørte eg over brua rett nord for jernbanebrua og parkert i den første skarpe svingen. Derfrå gjekk eg oppover på grusvegen der det var skilta tursti til Stakksteinsliknuten. Tok avstikkere opp til Ørnehei og Loneheia som ikkje har sti. Grusvegen går heilt til topps på Stakksteinsliknuten der det er ein meteorologisk radar som ses som ein kvit kuppel på avstand. Det er også sikteskive og vardebok på toppen. Ikkje dei heilt store besøkstala sjøl om dette er ein lett tilgjengelig topp takka vere vegen. Denne toppen må nok inn på listene over signaltopper med vei og sikteskiver. Kunne bl.a sjå Voreknuten i Lund og Skykula i Bjerkreim. Etter ein lang pause i varmt ver gjekk eg over Storskorshei som bare er 3 m lågare enn Stakksteinsliknuten. Fulgte så grusvegen >>>

Karte