Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Rundtur over Sula

Date:
24.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:30h

Kjørte Blomlivegen (40 kr) kvelden før opp til Svinvikstra som er eit godt utgangspunkt for tur over dei karakteristiske Sulatoppane som er synlige frå store deler av Trollheimen og Nordmøre. Det var god sti opp til Ytre Sula og et par damer var og på tur denne måndagen. Oppe på 1100 moh flater det litt ut og der skar eg ut av stien sørover for å få med meg ein smultring sør for Sula. Derfrå gjekk eg opp sørryggen til Ytre Sula. Etter ein liten times pause gjekk eg vidare austover til Indre Sula som er 7 m høgare enn Ytre Sula. Den virker adskillig mindre besøkt, men er då heller ikkje like lett tilgjengelig som Ytre Sula. Dei nevnte damene såg eg heller ikkje meir til, men dei hadde skreve seg inn i boka på Ytre Sula. Hadde planer om nokre ekstra bonustopper denne dagen så >>>

Map    

Bergefjellet og Arasvikfjellet

Date:
23.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
4:30h

Her var Boven's turbeskrivelse god å ha. Rekna med å ende opp på Arasvikfjellet fyrst, men stien gjekk via Svarttjønna til Bergefjellet. Varde og bok der. Så gjekk eg ned igjen til Svarttjønna og opp utan sti til Arasvikfjellet som og har varde og bok. Ned igjen fant eg ein svak sti sørover, og den kom inn på stien mot Bergefjellet nede i skogen. Dette stidele såg eg ikkje på veg opp. Vel nede i Vågosen tok eg ferja over til fastlandet og reiste sørover forbi Surnadal til Svinviksetra for å ta Rundtur over Sula dagen etter.

Map    

Korsbekkfjellet og Ertvågsfjellet

Date:
22.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
5:00h
Map     1 comment

Todalsfjellet og Kakheia

Date:
21.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
5:45h
Map    

Skarven og Jørenvågsalen

Date:
20.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
8:45h
Map    

Storøra

Date:
19.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h
Map    

Innerbergsalen og Stabben

Date:
18.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
7:30h
Map    

Storfonna

Date:
17.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
4:00h
Map    

Ilfjellet og Gragjelfjellet

Date:
15.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Map    

Tovdalsberga og Rindhatten

Date:
14.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h

Sykla dei snaut 5 km frå Kleva til Jøldalshytta. Den betjente sesongen er til midten av sept, mens det er sjølbetjent avdeling utanom sesongen. Frå hytta fulgte eg sti drøyt 3 km nordover skilta til Resvatnet. På ca 860 moh forlot eg stien og gjekk oppom Tovdalsberga og vidare vestover over den frosne myra sør for Storrindvatnet og kryssa den grunne Gaskejohke. Så opp Bjørnaråa og nordaustryggen til Rindhatten. Sol frå nær skyfri himmel for 12. dag på rad! Hadde pause til sola gjekk ned og månen kom opp. Då gjekk eg ned i austsida sør for Dukfonna som det ikkje er så mykje igjen av lenger. Frå Storrindvatnet er det 180 hm opp igjen, men det var veldig greit å gå opp Åkerdalen som har sparsom vegetasjon. Det var kvelden før fullmåne og perihel (supermåne) så det vart >>>

Map