Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (169)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (46)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (73)
- Fjellskitur (20)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (38)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Kvitegga
- Dato:
- 14.04.2017
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 6:00t
Påska er tida for store og små skiturar. Denne påska var prega av lite snø og svært varierande vær, men ein del små skiturar vart det jo anledning til. Men for kvar vesle familieskitur vart behovet for ein stor skitur meir og meir påtrengande. Til slutt beordra Kona meg ut på tur. Det ville gjere underverker for humøret, meinte ho.
Fredag var det pansermeldingar, og eg hadde sett at mine gamle bekjente frå Bergen, Knut og Kristin, var i området. Etter litt planlegging vart vi einige om at Kvitegga var eit flott turmål. Det er lite å utsetje på Kvitegga på ein slik påskedag: pirrande primærfaktor, Sunmørsalpane sitt høgste punkt, upåklagelig utsikt, og ein svært lang oppoverbakke (ja, slik har det blitt - oppoverbakken er viktigare enn nedoverbakken).
Eg spurte Kroksleiven >>>
Knallvær på Åbittinden
- Dato:
- 11.03.2017
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 5:00t
Turhelg til Nordmøre for alpine aktivitetar! Vi hadde alpin start frå Trondheim med mål om Åbittind-Trolltind-traversen, som hadde blitt beskrive med svært smektande rapportar her på peaker'n.
Været overgikk seg sjølv, og det såg ut som heile midtnoreg hadde samla seg på parkeringa. Dei aller fleste skulle på Trolltinden, men sannelig var det også ein gjeng som gikk mot naboen - mellom anna 4 som også skulle gå traversen.
Pål Christian hadde satsa på fjellski med kortfellar, og kortfellane sat hverken fast i snøen eller i skia. Men han er ikkje ein type som gir opp av den grunn, og fikk tidenes full-body-workout opp bakkane. Det gikk faktisk ganske radig, og vi havna kjapt bak ein gjeng som var svært svært omstendelige med HMS-arbeidet opp dei ikkje alt for bratte bakkane.
Folketomt silkeføre på Vassfjellet
- Dato:
- 04.03.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 20,0km
Vassfjellet er det høgastliggande bynære fjellområdet i Trondhjæm's umiddelbare nærleik.
I dag rusla eg på fjellskia over pudder og italiensk marengs Mary Berry verdig. Likevel var det omtrent folketomt.
Milde måne kor vakkert dette var! Dette må vere noko av det finaste ein kan gå på fjellski kring byen.
Bortsett frå alpinistane på skitrekket traff eg berre ein person oppe på fjellet, og det var ei dame frå Sunnmøre.
Trønderen er kanskje så interessert i skigåing at dei sit inne og ser på at andre går på ski?
Kveldspudder på Gråkallen
- Dato:
- 02.01.2017
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:27t
- Distanse:
- 3,8km
Storbekkhøa
- Dato:
- 17.12.2016
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 4:30t
- Distanse:
- 15,0km
Mats inviterte på tur til ein av Trollheimen sine virkelige klassikarar, Storbekkhøa. Slikt kan ein ikkje seie nei til!
Eg møtte Mats og Tor på Storlia Parkering litt over klokka 10, deretter jamn trask oppover mot dagens turmål.
Ein liten parantes: det er blitt så vanlig å snakke om topptur. Eg skal så klart ikkje nekte folk å nytte dette omgrepet, men det er vel vitterlig ikkje noko som skiljer dette frå det litt eldre (og etter mi meining litt meir sympatiske) "å gå på fjellet".
Vel vel, Storbekkhøa tok seg flott ut, og det gikk radig opp dei slake bakkane. Lokalkjentmann Tor peika på sør-ryggen, og snakka om moglegheiter der. Eg som nett har festa hælen, og berre såvidt kom meg ned ein ås i Snillfjord i går, lurte litt på om det var lurt i dag. Men men, eg klarer >>>
Snillfjord: Langlidalsheian
- Dato:
- 16.12.2016
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 5,0km
Fin tur til noko beskjeden Snillfjord-topp. Gikk frå parkeringa på Våddaosen, men sikkert også fint å gå frå Langlidalen Parkering.
Trur denne kan vere ein tilgjengelig og flott rando-topp under gode forhold, men i dag var det tidenes gjennomslagsføre, og det var omtrent umogleg å svinge. Vel vel, fint var det!