Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (154)
- Alpine climbing (26)
- Bouldering (23)
- Ice climbing (41)
- Mixed climbing (5)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (209)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (105)
- Walk (22)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Dønta
- Date:
- 06.04.2024
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 26.3km
Dønttinden - eller Dønta som det står i boka på toppen, er ein real kremtopp i Romsdalen. Den er ikkje lett å sjå frå dalen, men når ein kjem frå Bjorli er den tydelige profilen eit klart teikn på at noko er på gang. Romsdalens stolte portvoktar i sør. Sjølv har eg tenkt på denne toppen sidan eg klatra Mongejura back in the days. Då hadde vi Breitinden bak venstre skulder - og Dønta raga bak høgre. Profilen herifrå var mildt sagt pirrande. Då eg vakna i teltet på Skiri i dag var det altså gravitasjonen frå Dønta som drog. Ikkje rart sidan det er svært kort i luftlinje frå Skiri til tindens topp. Eigentlig lurte eg på om eg skulle ta Kyrkjetaket i dag. Enn så kontroversielt det kan framstå mellom nordfjordingar så synest eg det er hyggelig å treffe folk når eg er >>>
Ein runde i skitrekket
- Date:
- 12.05.2023
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 18.5km
Etter ein vinter og vår dominert av andre typar sjølvrealisering, hadde eg i dag anledning til å nytte dagen i fjellet. Rikelig med snø og fint vær gjorde at eg la vegen mot Stryn Vintereski for å plukke Karifjellet, Hestefjellsnibba og Kragefjellet, som ligg på rekke og rad ovanfor skisenteret. Eg kunne ta på skia rett frå parkeringa, og jobba meg opp bakkanee mot første post: Karifjellet. Ganske varmt oppover. På toppen etter 2 timar. Det gikk kjapt bort til Hestefjellsnibba, der eg var 20 min seinare. Her møtte eg ein annan kar som avspaserte. Deretter ein litt lenger bakke til Kragefjellet, men på ingen måte avskrekkande. Då var det store spørsmålet: no var klokka 13, og eg hadde fiksa fjellfri heile dagen. Kunne eg utvide runden? Eg såg bort på Kyrkjenibba. Det var ikkje >>>
Fjellkirka
- Date:
- 02.04.2023
- Characteristic:
- Ski trip
- Distance:
- 8.0km
Påskeweekend på Røros med familyen. Strålande vær og fin tur til Fjellkirka med Eskil i storform.
Gråhøe i Reinheimen
- Date:
- 22.05.2022
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 37.0km
Det tikka inn ei melding frå Kroksleiven laurdag om Gråhøe++ i Reinheimen med Ove og Gustav. Etter å ha lest mengder av turrapportar med denne gjengen var dette vanskelig å seie nei til. Så då var det avreise og god stemning søndag morgon 7:30 frå Stårheim. Med unntak av ein måltrost som fikk kjørt seg i takgrinda på veg til Stryn gikk køyreturen utan den store dramatikken. På Billingen var det berre å trakke seg oppover med skia på sekken før ein kunne ta dei på der det byrja å flate litt ut. Ove og Gustav byrja straks å snakke om alderdom, skader, dårlig form og tung tids tale, før dei langa innover dalføret i ei voldsom fart - ikledd det siste av skiteknologi: plast, karbon, kevlar, glaider og alt mogleg... Med denne farta tenkte vi at dette går jo vegen, men då vi >>>
Holsegga og Sessegga vårski
- Date:
- 03.05.2022
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 15.3km
Endelig vart det anledning til ein tur i det flotte området sør for Gloppefjorden! Startskotet frå Firda gikk 13, og deadline var oppmøte på Stårheim 18 då kona skulle på fritidsaktivitet med Eskil. Så her var det berre å peise på. Ekstra vekt vart sløyfa ved å gløyme matpakken. Kor mange toppar skulle ein klare å harve over? Hadde sikta meg ut Sessegga, med mulig bonustopp. Køyrde til Ryggjastøylen, tok skia på sekken og rusla avgårde. Etter ei stund kunne eg ta på skia og følge tilnerma samanhengande snø vidare. Her gikk det berre oppover. Litt travelt er det sjølvsagt når deadlinen ligg i bakhaudet, men det er berre å gå på. Etter time og kvarter var eg på Berdalsegga og såg mot Holsegga. Det måtte jo gå å få med den der på rimelig tid? Ja vi får prøve på >>>
Heimste b
- Date:
- 07.04.2022
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 6.1km
Liten luftetur etter å ha vore med på heilt super skidag med Stårheim Skule. Blide ungar og voksne som kosa seg i sola på Hjellen heile dagen - milde måne! Etter alle desse skreda tok eg med spade og greier for å sjekke om eg kunne finne noko spennande, og jammen sa eg "vedvarande svakt lag"! Her løsna det ei bra stor blokk etter berre litt forsiktig klapping. All snøen som har kome i det siste, løsna av den gamle skaren. Truleg all den rimen vi såg førre helg. Dette luktar skredfare så det held. Drønn høyrde eg også. Nedrennet var supert der sola ikkje hadde tatt. Tørr, fin og lett. Så god påske og ikkje bli tatt i skred!
Lotsberg langlauf
- Date:
- 01.04.2022
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 34.7km
Torsdag kveld plinga det inn melding frå Lise om eg ville vere med på ein lang skitur på Lote dagen etter. Lang skitur på Lote betyr jo langt og lenger enn langt. Det frista, og dessutan var det ei super anledning til å ta att Vinjar på Eidalista ettersom turen ville gi meg to nye og krevjande Eidatoppar, i tillegg til tre nye toppar i Stryn. Det var oppmøte på Lotsberg kvart på 9 morgonen etter. Etter litt omvisning i opplevelsessenteret til Ove skyssa han oss til Fjelli for turstart. Blågrader, vindstille og skyfri himmel. Eg spurte Lise forsiktig om kor lang tid turen kom til å ta. Om lag ti timar. Ja nettopp - og då rekna eg ikkje med så alt for mykje dødtid, for å seie det slik. Eg melda kona at ho måtte kjøpe ein øl eller to ettersom eg ikkje kom til å rekke ølsalget.