Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sørvestryggen på Søre Blåtind

Date:
31.08.2021
Characteristic:
Alpine climbing
Distance:
8.6km

Sørvestryggen på Søre Blåtind skal vere ein moderat klassikar av ein alpin klatretur i Sunmørsalpane, og eg fekk med meg Axel på tur på ein tirsdag. Det var litt medium værmeldingar og skodda låg lavt i fjella på mandagen. Men så tikka det inn bilete på insta om såkalla "underskya vær". Då vart mojoen skjerpa, og vi gikk for tur. Avgang etter skulelevering, så det vart ikkje akkurat alpin start frå Kalvedalen P-plass. Men det gikk radig opp etter bakkane. Yr hadde varsla at skodda skulle lette etter kvart, men det gjorde den på ingen måte. Men vi stod jo til slutt på innsteget, og då var det jo dumt å ikkje klatre litt. Grei klyving med tauet på dei to første lengdene før vi kom til det som måtte vere overhenget, som beskrive i føraren. Men vi var ikkje heilt >>>

Map    

Nf metodekurs klatring

Date:
16.05.2021
Characteristic:
Climbing

Denne helga var det duka for metodekurs klatring med Endre Vonheim frå Norgesguidane. Deltakarar var Torbjørn, som hadde organisert sakene, og meg og Kjartan. Dette vart fire dagar fullpakka av praktisk læring, der vi stort sett hang i selen og tenkte som det knaka på tausystem heile dagen - med Endre si lavmælte men svært kyndige vegledning. Når været også spelte på lag så vart dette ei knallhelg! Programmet var som følger. Dag 1. Sikringsplasseringar, standplass og rapell. Gamle øvstefeltet i Austefjorden. Dag 2. Taulagsrutiner over fleire lengder. Nestefeltet i Austefjorden. Dag 3. Kameratredning. Haus klatrefelt, Nordfjord. Dag 4. I dag var det regn, så vi søkte tilflukt på Beachen i Loen. Redning på travers, teori, og lokaliseiring av 6er- og big-bro-plasseringar på Beachen.

Map    

Kameratredningsdag på Haus

Date:
05.05.2021
Characteristic:
Climbing
Map    

Størenhammaren

Date:
26.04.2021
Characteristic:
Climbing

Map    

Nedstefeltet trad

Date:
19.03.2021
Characteristic:
Climbing

Eg og Kjartan tok ein tur til Nedstefeltet i Austefjorden for å teste tradforholda. Dette er eit lite og fint kileklatrefelt - eit 40m høgt sva med lekre riss. Enkelttaulengdersruter på ca 40 m (altså fint å klatre med to tau så ein kan rappellere frå toppankeret). Mest på 6-talet. Det er lenge sidan eg har lufta racket, så eg var gira på å bli litt varm i trøya igjen. Eg starta opp noko som skulle byrje som 5+ og gå over i eit veldig fint 6- riss. Syntest dette var stramt for grada, og svetta litt på svacruxet. Men med litt tilrop kom eg opp, måtte til og med jamme litt. Kjartan spaserte opp. Det viste seg at dette var ruta 78 (5+) med avslutning i Grønerisset (6-). Deretter hoppa vi på Ny von (6). Denne kjendest sikker og fin heile vegen. Positive tak, og ein kunne sikre over >>>

Map    

Fryst Jord - Ny rute i vestveggen på Rabbolen

Date:
08.01.2021
Characteristic:
Mixed climbing
Duration:
6:00h

I går fekk eg og Andreas endelig tatt tak i eit gammalt prosjekt: ei førstebestigning av den bratte vestveggen på Rabbolen nord for Orkdal. Andreas har hatt denne på hovudet ganske lenge, og tok også ledertrøya denne flotte vinterdagen. Det vart ei fin og seriøs vinterrute opp denne mektige veggen. Andreas har skrive rapport og stiller for anledninga som gjesteskribent! Andreas Nordstrand Historien bak denne ruta begynner for et par år siden. Min gode venn Kristian, i sin hvileløse jakt på hauger og fjell med tilfredsstillende primærfaktor, hadde kommet over Rabbolen. Rabbolen er et populært utferdsmål for folk på Agdenes, men var helt ukjent for meg. Ikke et fjell man hører om i klatresammenheng. Det viste seg likevel at Rabbolen har en ganske spektakulær vestvegg. På sitt høyeste >>>

Map     3 comments

Kongsvollfossen venstre uttopping

Date:
02.01.2021
Characteristic:
Ice climbing
Duration:
6:30h

I dag fekk vi endelig stabla oss avgårde på ein isklatretur, både meg, Andreas og Pål Christian. Turen gikk til Kongsvollfossen tradisjonen tru. Vi hadde venta folkevandring her i dag, og hadde tilogmed munnbind med om det skulle bli trengsel på cruxet. Men i dag vart det berre oss og ein finfin dag på isen. Andreas starta med ein litt sprø førstelengde, og vi merka at det har vore tørt og lite nydanna is. Etter ei transportlengde tok Pål Christian oss opp turens finaste smøreis og opp på hylla under sistelengda. Her openbara turens store spenning seg. Den vanlige høgreavslutninga var fint forma, men det var også den litt meir eksklusive, og hakket kvassare, venstreavslutninga. Denne er ikkje alltid i god form, men no hadde den forma seg til ein flott og bratt pillar. Eg følte >>>

Map     1 comment

Tøftfossen

Date:
27.11.2020
Characteristic:
Ice climbing
Duration:
5:30h
Distance:
6.0km

Mats inviterte på fredagstur på Tøftfossen. Vi fikk også med belgiern Nelson, som er ein av dei skarpaste vinterklatrarane på Oppdal for tida. Sjølv går eg og lurer på om isklatring eigentlig er noko eg skal drive med lenger sidan eg blir så nervøs av det. Så i dag satte eg meg bakerst i taulaget for berre å kose meg. På Oppdal var det -15, men heldigvis ikkje så kaldt ved Drivstua - nydelig vær. Det gikk radig opp laussnøen. Mats gikk første taulengde, den vart kanskje 80m med litt løpande opp til standplass i hule i bratta. Mykje ishinne på snø så ein måtte vere forsiktig.. Så tok Nelson ledeskjorta og forsvann opp bratta. Tok litt tid, og det rasa ein del rusk og rask, så vi forstod at iskvaliteten var litt blanda. Når eg sjølv klatra etter byrja godkjensla å kome, >>>

Map     4 comments

Harbakhelg.

Date:
24.10.2020
Characteristic:
Bouldering
Map    

Harbakhelg

Date:
09.08.2020
Characteristic:
Bouldering

Etter all springinga rundt i myr og lyng er det på tide å bli litt sterk igjen. Eg har eit litt ambivalent forhold til buldring: på den eine sida tar det så innmari mykje tid og innsats å bli bedre, og difor mister eg litt piffen av og til. På den andre sida er det den absolutt enklaste klatreforma å drive med, og når ein ikkje har allverdens tid så er det gull! Og når ein då er i form er det jo driiitgøy. Og så har ein jo faktisk noko av verdens beste (ja faktisk) buldring på Fosen også då. Denne helga opna det seg ein todager, og eg tok med teltet til Harbak laurdag. Det vart støting på Scum of the Slum (7A+) i hula sidan det regna, og eg sleit meg ganske godt ut. Det var nære, men eg kom som vanlig ikkje heilt i mål. Det er hardt på Harbak - alltid hardt. Deretter tok >>>

Map