Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (166)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Finalehelg isklatring: something good and something bad
- Date:
- 07.03.2015
- Characteristic:
- Ice climbing
Denne isklatresesongen har virkelig vore ein opptur. Den byrja med eit sprang frå redd WI3-klatring i fjord til sjølvsikker WI4-klatring frå første dag i år. I tillegg så er desse klimaendringane årsak til mykje rart, mellom anna iskalde New England-vintrar, så isen har vore knallbra. Difor har det vorte mange helgar i bilen på veg til New Hampshire. No var det nett så vi byrja å bli litt metta, og vi beslutta å ta denne helga som sesongavslutning. Sidan vi etter planen er tilbake i Noreg neste vinter så var dette også kanskje siste sjangse til å ticke av nokon lokale klassikarar. Vi sette turen mot det mest berømte iscragget i New England, Frankenstein.
Sendevind
Været var behagelig: eit par minus. Men sola har byrja å ta godt, og mange soleksponerte isar hadde byrja å sjå >>>
Mad Skillz i Katskills
- Date:
- 20.02.2015
- Characteristic:
- Ice climbing
Denne helga gjekk turen til Catskills-fjella i upstate New York for litt isklatring. Vi skulle møte Andreas og Solveig frå Trondheim, som var ein rask tur i nordaust før dei dreg til California. Andreas og Solveig er forfordelte frå naturen si side både psykisk og fysisk, men sidan dei no er midt i eit friår med berre klatring har det liksom tatt heilt av! Eg og Kona har trent som pesten for ikkje å drite oss heilt ut i møte med våre trondheimsvenner. Med seg hadde dei Jens (4 år) som etter eit halvt år med buldring i Fontainebleau byrjar å bli rimelig forfordelt sjølv.
Vi møttest i New Paltz, der dei leigde utstyr, før vi tok første dag i Devil's Kitchen . Temperaturen var noget stiv (ca -15grader), men sola varma, og det vart rett så koselig i dei solvende flowane.
Rykta sa at isen i Catskills >>>
Sunnmørsk bestigning av Black Dike, New Hampshire.
- Date:
- 06.02.2015
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 7:00h
Denne rapporten vart orginalt publisert på Nordmøre og Oppdal sin største alpinblogg Alpinist.no. Men sidan den har vore nede ganske lenge no så trykker eg den også opp her, til glede for peakbook sine lesarar .
Då eg fekk spørsmål om eg ville skrive eit innlegg på Alpinist.no var det to problem som raskt kom til syne. Det første var at eg er ein middelmåtig buldrar som nett har rista av meg høgdeskrekka, lært meg åttetalsknuten, og krafsa meg opp min første WI4. Det andre var at eg om dagen bur i Boston, New England, eit åskledd skoglandskap der alpinklatring definerast som klatring i dårlig vær. Korleis skulle dette finne sin plass mellom Tågbekken, Haisommer, Trollatraversen o.s.b. utan at eg skulle miste fullstendig andlet?
Ettersom årets isklatresesong framskreid med overraskande >>>
Rykker opp i gradene på Kinsman Notch
- Date:
- 10.01.2015
- Characteristic:
- Ice climbing
Med eit durabelig kuldegyfs over heile New England siste veka var det krystallklart at det måtte bli isklatring denne helga. Alle kræmområda som ikkje har vore inne før i sesongen var no klare som egg. Team Norsk-i-Boston teama opp med Kevin for cragging på Kinsman Notch.
Det første som var klart var at det framleis var kaldt. Ny dunis sørga for bli-ny-dag i Notchen i dag. Varm var den og - bedre å vere varm enn kald.
Vi hakka oss først opp ein slab som stod i WI2+. Eg kjende den nyerverva WI4-sjølvsikkerheita frå før i sesongen boble i meg, og eg gav meg etter det til på ei kort WI4-pillar, som også gikk fint (men som dog gav meg kjennskap til fenomenet Screaming Barfies/Neglesprett).
Kona rista av seg det midlertidige tapet av teknikk som har herja ho tidlig i sesongen, og topptaua >>>
Ace of Spades - isklatresesongen er i gong!
- Date:
- 21.12.2014
- Characteristic:
- Ice climbing
Hæpp hæpp, etter ein træg start på vinteren la vi i veg til Franconia der rykta sa at det skulle finnast is. Det lisje cragget Ace of Spades i fjellsida på Mt. Lafayette tilbaud 1tl-ruter av varierande kvalitet, nokon veldig fine og andre meir forgløymelige.
Etter å ha gått ein WI3 som kjendes enkel ut (fjordårsbeste var WI3) la eg augene på Ace of Spades sjølv, ein bratt 10-15 m WI4-vegg fulgt av lettare terreng med diverse opptak. Ein skal jo vere forsiktig med led på is. Men i tillegg til at teknikken kjendes god ut på oppvarminga har eg lest hyllemeter på hyllemeter med artiklar om isklatring, samt sett time på time med internettvideoar, turrapportar etc etc. Hadde eg hovudet med meg så skulle dette gå bra.
Klatre klatre, skrue skrue, klatre klatre, skrue skrue. Smøris, >>>
Småveggsklatring på Crow Hill
- Date:
- 07.12.2014
- Characteristic:
- Climbing
For vått til klatring, for mildt til isklatring. Kva skal man ta seg til då? Sitte inne og sjå på
reklame? Nei såvisst ikkje. På tide å lufte ascenderane - da klatrar man aid!
Daniel og Kevin var med, Crow Hill sine bratte 1-tl rissruter var målet. Selen full av sikringar, fjellsko på føtene. Temperatur kring frysepunktet, men fint vær. Dette blir bra!
Kevin tok eit skikkelig fall på første led. Daniel lovpriste aid-klatringa heile vegen dei 2 timane til topps ("dette er framtida!"), og sjølv syntest eg at dette faktisk kunne ha sin sjarm. Vel og merke holdt eg meg solid på C1-talet, medan Kevin tøtsja på C2'en.
Alt i alt ein godt utnytta tidlig-vinterdag i Massachusetts.
Gründerstemning på Veten Klatrefelt
- Date:
- 17.11.2014
- Characteristic:
- Climbing
Flø er lizzom Lofoten på Hareidlandet. Å kalle vestveggen på Veten for eit klatrefelt er kanskje å tøye det litt, sidan det ikkje har vore klatra her før. Men det bør det! Her er masse moglegheiter for trad-linjer, særlig i midtseksjonen der klippa er brattast og ura er høgast. Her er det både korte og lange, bratte og mindre bratte potensielle linjer. Resten av klippa er noget overgrodd.
Eg kravla meg opp ei 15-20 meter rute her, ca 70 meter til høgre for brattseksjonen. Kona hadde gløymt klatreskoa i Junaiten (berre tatt med isklatreutstyr - ambisiøs type), så ho sikra. Dei første 7-8 meterane var fin klatring i eit rissystem. Resten var meir forgløymelig, men det kan finnast lenkjer til ei linje som går heilt til topps her.
Ruta er døymt Go With the Flø (4/5) og er markert >>>