Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Sunnmørsk bestigning av Black Dike, New Hampshire.

Datum:
06.02.2015
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
7:00h

Denne rapporten vart orginalt publisert på Nordmøre og Oppdal sin største alpinblogg Alpinist.no. Men sidan den har vore nede ganske lenge no så trykker eg den også opp her, til glede for peakbook sine lesarar . Då eg fekk spørsmål om eg ville skrive eit innlegg på Alpinist.no var det to problem som raskt kom til syne. Det første var at eg er ein middelmåtig buldrar som nett har rista av meg høgdeskrekka, lært meg åttetalsknuten, og krafsa meg opp min første WI4. Det andre var at eg om dagen bur i Boston, New England, eit åskledd skoglandskap der alpinklatring definerast som klatring i dårlig vær. Korleis skulle dette finne sin plass mellom Tågbekken, Haisommer, Trollatraversen o.s.b. utan at eg skulle miste fullstendig andlet? Ettersom årets isklatresesong framskreid med overraskande >>>

Karte    

Rykker opp i gradene på Kinsman Notch

Datum:
10.01.2015
Tourcharakter:
Eisklettern

Med eit durabelig kuldegyfs over heile New England siste veka var det krystallklart at det måtte bli isklatring denne helga. Alle kræmområda som ikkje har vore inne før i sesongen var no klare som egg. Team Norsk-i-Boston teama opp med Kevin for cragging på Kinsman Notch. Det første som var klart var at det framleis var kaldt. Ny dunis sørga for bli-ny-dag i Notchen i dag. Varm var den og - bedre å vere varm enn kald. Vi hakka oss først opp ein slab som stod i WI2+. Eg kjende den nyerverva WI4-sjølvsikkerheita frå før i sesongen boble i meg, og eg gav meg etter det til på ei kort WI4-pillar, som også gikk fint (men som dog gav meg kjennskap til fenomenet Screaming Barfies/Neglesprett). Kona rista av seg det midlertidige tapet av teknikk som har herja ho tidlig i sesongen, og topptaua >>>

Karte    

Ace of Spades - isklatresesongen er i gong!

Datum:
21.12.2014
Tourcharakter:
Eisklettern

Hæpp hæpp, etter ein træg start på vinteren la vi i veg til Franconia der rykta sa at det skulle finnast is. Det lisje cragget Ace of Spades i fjellsida på Mt. Lafayette tilbaud 1tl-ruter av varierande kvalitet, nokon veldig fine og andre meir forgløymelige. Etter å ha gått ein WI3 som kjendes enkel ut (fjordårsbeste var WI3) la eg augene på Ace of Spades sjølv, ein bratt 10-15 m WI4-vegg fulgt av lettare terreng med diverse opptak. Ein skal jo vere forsiktig med led på is. Men i tillegg til at teknikken kjendes god ut på oppvarminga har eg lest hyllemeter på hyllemeter med artiklar om isklatring, samt sett time på time med internettvideoar, turrapportar etc etc. Hadde eg hovudet med meg så skulle dette gå bra. Klatre klatre, skrue skrue, klatre klatre, skrue skrue. Smøris, >>>

Småveggsklatring på Crow Hill

Datum:
07.12.2014
Tourcharakter:
Klettern

For vått til klatring, for mildt til isklatring. Kva skal man ta seg til då? Sitte inne og sjå på reklame? Nei såvisst ikkje. På tide å lufte ascenderane - da klatrar man aid! Daniel og Kevin var med, Crow Hill sine bratte 1-tl rissruter var målet. Selen full av sikringar, fjellsko på føtene. Temperatur kring frysepunktet, men fint vær. Dette blir bra! Kevin tok eit skikkelig fall på første led. Daniel lovpriste aid-klatringa heile vegen dei 2 timane til topps ("dette er framtida!"), og sjølv syntest eg at dette faktisk kunne ha sin sjarm. Vel og merke holdt eg meg solid på C1-talet, medan Kevin tøtsja på C2'en. Alt i alt ein godt utnytta tidlig-vinterdag i Massachusetts.

Karte    

Gründerstemning på Veten Klatrefelt

Datum:
17.11.2014
Tourcharakter:
Klettern

Flø er lizzom Lofoten på Hareidlandet. Å kalle vestveggen på Veten for eit klatrefelt er kanskje å tøye det litt, sidan det ikkje har vore klatra her før. Men det bør det! Her er masse moglegheiter for trad-linjer, særlig i midtseksjonen der klippa er brattast og ura er høgast. Her er det både korte og lange, bratte og mindre bratte potensielle linjer. Resten av klippa er noget overgrodd. Eg kravla meg opp ei 15-20 meter rute her, ca 70 meter til høgre for brattseksjonen. Kona hadde gløymt klatreskoa i Junaiten (berre tatt med isklatreutstyr - ambisiøs type), så ho sikra. Dei første 7-8 meterane var fin klatring i eit rissystem. Resten var meir forgløymelig, men det kan finnast lenkjer til ei linje som går heilt til topps her. Ruta er døymt Go With the Flø (4/5) og er markert >>>

Miks og mask på Farley

Datum:
08.11.2014
Tourcharakter:
Klettern
Karte    

Crrrow Hill

Datum:
19.10.2014
Tourcharakter:
Klettern
Karte    

School of trad gruppearbeid: Lakeview

Datum:
28.09.2014
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
10:00h

Denne søndagen hadde vi tenkt å cragge litt i nærområdet til Boston. Værmeldingane var nydelige, og sidan eg hadde nytta veka til å ruse meg opp på The American Alpine Journal 2013, hadde tankane mine byrja og vandre nordover. Medan vi sulla oss heim frå ein god middag laurdags kveld sette eg inn støtet: kva om vi dreg på Cannon heller enn å cragge? Kona sa "Ja, det gjer vi!" Eg hadde ruta Lakeview (5.6, 8tl) i tankane. Spørsmålet var om min kollega Pontus, som vi hadde avtalt å cragge med, var interessert. Han er rimelig ny til klatresporten, men har vist seg sporty og ikkje heilt utan talent. Han var med! Så dette vart jo som eit gruppearbeid på School of Trad (S.O.T), med vekselleding og føring av nybyrjar. Gruppearbeid høyrer jo til på ein skule. Relativt alpin >>>

Karte    

Tentamen på school of trad: Whitney-Gilman Ridge

Datum:
07.09.2014
Tourcharakter:
Alpinklettern

Etter å ha tatt nokre helgekurs på den noko uformelle School of Trad var det på tide å gå opp til tentamen. Oppgåveteksten var som følger: lede den klassiske Whitney-Gilman Ridge (II 5.7 5tl) på Cannon Cliff. Kona melde seg som sensor, og vi var klare til avmarsj. Vi var fire stykker i bilen. 1) Den lokale trad-nissen Kevin, som i stoisk ro inntok ein slags Old Man on the Mountain-positur i baksetet. 2) Daniel, ein trivelig og klatreivrig kar frå Ålesund/Trondheim, som vi gikk oss på utanfor klatregymmen for halvannan veke sidan (!!), 3) Kona, og 4) Meg. Alpin start frå Boston kl. 6 med ein slags tanke om at vi skulle vere først på ruta. Ankomst parkeringsplassen kl. 8:30, og ved innsteget kl. 09:30 i crispy haustvær. Alas, det var mange som skulle opp til tentamen denne dagen, og det aula allereide >>>

Crow Hill

Datum:
30.08.2014
Tourcharakter:
Klettern
Karte