Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Dønta

Date:
06.04.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
26.3km

Dønttinden - eller Dønta som det står i boka på toppen, er ein real kremtopp i Romsdalen. Den er ikkje lett å sjå frå dalen, men når ein kjem frå Bjorli er den tydelige profilen eit klart teikn på at noko er på gang. Romsdalens stolte portvoktar i sør. Sjølv har eg tenkt på denne toppen sidan eg klatra Mongejura back in the days. Då hadde vi Breitinden bak venstre skulder - og Dønta raga bak høgre. Profilen herifrå var mildt sagt pirrande. Då eg vakna i teltet på Skiri i dag var det altså gravitasjonen frå Dønta som drog. Ikkje rart sidan det er svært kort i luftlinje frå Skiri til tindens topp. Eigentlig lurte eg på om eg skulle ta Kyrkjetaket i dag. Enn så kontroversielt det kan framstå mellom nordfjordingar så synest eg det er hyggelig å treffe folk når eg er >>>

Map     1 comment

Ein runde i skitrekket

Date:
12.05.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.5km

Etter ein vinter og vår dominert av andre typar sjølvrealisering, hadde eg i dag anledning til å nytte dagen i fjellet. Rikelig med snø og fint vær gjorde at eg la vegen mot Stryn Vintereski for å plukke Karifjellet, Hestefjellsnibba og Kragefjellet, som ligg på rekke og rad ovanfor skisenteret. Eg kunne ta på skia rett frå parkeringa, og jobba meg opp bakkanee mot første post: Karifjellet. Ganske varmt oppover. På toppen etter 2 timar. Det gikk kjapt bort til Hestefjellsnibba, der eg var 20 min seinare. Her møtte eg ein annan kar som avspaserte. Deretter ein litt lenger bakke til Kragefjellet, men på ingen måte avskrekkande. Då var det store spørsmålet: no var klokka 13, og eg hadde fiksa fjellfri heile dagen. Kunne eg utvide runden? Eg såg bort på Kyrkjenibba. Det var ikkje >>>

Map    

Holsegga og Sessegga vårski

Date:
03.05.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
15.3km

Endelig vart det anledning til ein tur i det flotte området sør for Gloppefjorden! Startskotet frå Firda gikk 13, og deadline var oppmøte på Stårheim 18 då kona skulle på fritidsaktivitet med Eskil. Så her var det berre å peise på. Ekstra vekt vart sløyfa ved å gløyme matpakken. Kor mange toppar skulle ein klare å harve over? Hadde sikta meg ut Sessegga, med mulig bonustopp. Køyrde til Ryggjastøylen, tok skia på sekken og rusla avgårde. Etter ei stund kunne eg ta på skia og følge tilnerma samanhengande snø vidare. Her gikk det berre oppover. Litt travelt er det sjølvsagt når deadlinen ligg i bakhaudet, men det er berre å gå på. Etter time og kvarter var eg på Berdalsegga og såg mot Holsegga. Det måtte jo gå å få med den der på rimelig tid? Ja vi får prøve på >>>

Map    

Heimste b

Date:
07.04.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
6.1km

Liten luftetur etter å ha vore med på heilt super skidag med Stårheim Skule. Blide ungar og voksne som kosa seg i sola på Hjellen heile dagen - milde måne! Etter alle desse skreda tok eg med spade og greier for å sjekke om eg kunne finne noko spennande, og jammen sa eg "vedvarande svakt lag"! Her løsna det ei bra stor blokk etter berre litt forsiktig klapping. All snøen som har kome i det siste, løsna av den gamle skaren. Truleg all den rimen vi såg førre helg. Dette luktar skredfare så det held. Drønn høyrde eg også. Nedrennet var supert der sola ikkje hadde tatt. Tørr, fin og lett. Så god påske og ikkje bli tatt i skred!

Map    

Heimste blåfjellet

Date:
04.03.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

lisjeblåfjellet

Date:
10.12.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Fint vær!

Date:
12.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.5km

Map    

Hjelmelandsvarden pudderbonanza

Date:
05.02.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:48h
Distance:
4.8km

Eg hugsar Vestlandet fullt av regn og vind, og befolka av inneslutta folk hvis fremste høfligheitsgest var å la andre være i fred. Men her må det ha skjedd ein heil del! For her er det jo sol og sju minusgrader kvar dag - og fjella er fulle av tørr og djup laussnø. Til alt overmål har folk her fri kvar fredag til å gå på topptur, og denne fredagen fekk eg ikkje mindre enn tre turinvitasjonar! Dette var nok ein knalldag i den nye bakgården. Eg vart med naboane Gustav og Maike på tur til Hjelmelandsvarden, ein ettermiddagstur med høgdemeter rett frå parkeringa. I tillegg var Reidun og høgdemeteretaren (og andre halvdel av den legendariske fjellduoen frå Lote) Lise med. Så her var det berre å skru pulsklokka på max om ein skulle henge med. Det var brøyta spor heilt til topps >>>

Map    

Melshornet og Grøthornet

Date:
03.02.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:30h
Distance:
6.5km

Nydelig og kaldt vær. I dag hadde eg eit møte i Volda på føremiddagen, og start på mi nye karriere som klatreinstruktør for ungar på Hamna Trening på Eid på ettermiddagen. Og i slikt sinnsjukt fint vær måtte eg jo kome meg ein tur ut. Så grunna litt kort tid fall valet på utfartstoppen Melshornet. Mykje folk og ganske oppkøyrt, men likevel - det er jo heilt sjuuuukt fint! Milde måne, eg har ikkje nok superlativ i ordforrådet for å beskrive denne utsikta og føret. Eg prøvde å ta bilete frå toppen, men telefonen konka sjølvsagt før eg fekk sagt "panorama". Bileta hadde uansett ikkje klart å gjere utsikta rettferd. Med dette føler eg at eg har opna høgrentekonto i Sunnmørsalpane. No er det berre å byrje sparinga!

Map     2 comments

Ettermiddagspudder på lisjeblåfjellet

Date:
31.01.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:30h
Distance:
6.2km

Ja då har det altså skjedd - eg har flytta tilbake til vestlandet. Og ikkje berre det, vi har flytta til min barndoms ferieparadis Stårheim. Ikkje heilt venta for han som ein gong var Ulsteinvik sin hardaste urbanist. Men sånn er livet - sidan den tid har både eg og bygda endra seg. Og når vi det siste året summerte opp grunnane for og imot så såg vi til slutt ingen grunn til å la vere! Så no er vi altså på plass i slektsgarden på Orheim, Stårheim. Ei tømmerkasse frå 1880-talet, med eit nyare påbygg frå 1920. Midt i ei pågåande kuldebølge så var det ein litt kjølig affære. Men ungane er tøffe - dei har genar frå kalde stader. Sidan det har vore perfekte skiforhold i marka har det vore litt smertefullt å vere oppteken med barnehagetilvenning den siste veka. Men no var >>>

Map     2 comments