Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (163)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Dronningkrona og Sunndalens høgsong
- Datum:
- 19.06.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 6:00h
- Entfernung:
- 16,0km
Etter at heile stabelen av årets søknadar var innsendt, sat eg og lurte på om nokon kom til å sakne meg på heimekontoret denne fredagen. For det var nemlig panserhøgtrykk og uvanlig store snømengder, og eg hadde ein viktig ryddejobb å gjere i Sunndalen. Teiknestiften på superklassikaren Dronningkrona lyste framleis grått og matt mot meg frå liste etter liste. Kor lenge kunne det stå slik?
Det var særdeles varmt gjennom Oppdal, og ned Sunndalen. Sunndalen altså, for ein plass. Eg blir ikkje vand til denne dalen - den er så brutal og så vakker. Det er signaltoppar heile vegen frå Gjøra ned til Øra. Veggar, toppar, fossar, alpinruter, isruter, traversar, sætrer, bjørkeskogar, blomster - no var alt i sin midtsommars prakt. Hetebølga hadde satt alle fossane på max. Hjartet >>>
Storgruvpiken
- Datum:
- 10.05.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 4,9km
Etter Tjønnpiken tok eg turen på Storgruvpiken. Skia på i vegkanten, så 500 hm til topps. I dag var eg innmari heldig med været - dette var einaste staden med sol i heile Trøndelagen såg det ut som.
Tilbake til bilen var det nydelig skiføre, med 10 cm tørr og lett snø på hardt underlag. Mars-vær i midten av mai.
Tjønnpiken
- Datum:
- 10.05.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 1:00h
- Entfernung:
- 4,5km
Akutt brakkesjuke førte til nærlesing av Yr på ein maidag som skulle vere prega av snøbyger. I dag kunne eg gjort meg fortent til ei sånn "Eg treng ikkje psykolog - berre ein tur på fjellet"-skjorte, så målet for dagen var først og fremst å kome seg ut.
På Nerskogen skulle det vere moglege moglegheiter, så eg køyrde dit med mål om to enkle og korte turar. Lavthengande raude teiknestiftar. Ja, gitt alt snøværet så kunne det kanskje bli litt fin skikøyring også!
På Nerskogen var det berre fuglelivet som minna om at vi tross alt ser mai: vipe, bekkasin, tårnfalk (?) og diverse vadefuglar. Er det ei glødande ornitologi-interesse som gjer at så mange vil ha hytte her?
På skaret var det i alle fall berre å ta skia på i vegkanten, for her var det snø i massevis. Etter >>>
Gjerdhøa
- Datum:
- 10.04.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 2:45h
- Entfernung:
- 12,0km
Etter fire veker i nært samvær med eigen familie byrja det å bli naudsynt med ein tur aleine i skog og mark. Meldingane var ikkje dei beste i dag, men med litt finlesing av værmeldinga, og konferering med ein lokal ekspert, gikk eg for tur mot Roksdalskammen. Planen var, om alt klaffa, å gjenta Uglefisk si flotte rute over Gjerdehøa, Svorundfjellet og Roksdalskammen.
Det var snøbyger i bartebyen då eg kjøyrde mot Oppdal Så Klart. På podden var Storeulvsyndromet av Thomas Hylland Eriksen, der han forklarar kvifor livskvaliteten i vesten er ikkje har auka sidan 50-talet: vi har for mange ting - og det er også alt vi har. Sjølv tenker eg at eg eigentlig er ganske nøgd, og at desse koronatider har vist at eg hadde klart meg greit innesnødd på ein fjellgard ein vinter om eg berre >>>
Gråhøa og Oppdalshøa med JoSo
- Datum:
- 08.02.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 3:00h
Det dukka opp ein turdag, og eg ville ha meg ein tur til fjells med ski på beina. Ettersom det var farevarsel av både den eine og andre sorten denne veka trengde det ikkje bli den mest ambisiøse turen. Eg sende avgårde ei melding til Oppdals milslukar og lokalkjendt #1 Johan om han kunne anbefale nokon høvelege turar. Det kunne han, og han lurte også på om han kunne slenge seg med. Det var jo hyggelig!
Så då vart det eit lite peakbooktreff til Gråhøa og Oppdalshøa. Eg var litt spent på om denne slitne småbarnsfaren ville klare å holde følge med ein kar som lett kan gå tur-retur Oppdal-Kebnekaise på ein ettermiddag, men han lova å justere farta etter behov.
Johan kjende bonden på Bekken gård, og hadde tinga parkering allerede dagen før. Deretter bar det opp tvilsomt føre >>>
Snota!
- Datum:
- 29.04.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 25,1km
Kona avspaserte i dag, og slo frampå om at eg kunne finne på noko om eg hadde lyst. Eg foreslo raskt at eg kunne ta meg ein tur på Snota – ein tur det går gjetord om i midtnoreg, og som eg har sikla på lenge. Kona sa at det kanskje ikkje var heilt det ho hadde tenkt – at eg skulle vere vekke langt til fjells heile dagen. Men då eg viste ho den flotte primærfaktoren, den alpine karakteren, og den omfattande utsikta måtte ho medgå at dette måtte eg få med meg. Dessutan, sa eg, tar turen etter sigende berre 4 timar! (eller kanskje bittebittelitt meir).
OK, så var det ikkje heilt slik det gikk føre seg. Men eg gikk i alle fall frå vinterparkeringa ved Gråsjøen klokka kvart på 10 spent på kva dagen skulle bringe.
Det første dagen skulle bringe var svært flekkvis skiføre, så >>>
Kveldstur til Bollen, Vinddøldalen
- Datum:
- 31.03.2018
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 7,0km
Etter tur på Ytre Sula tidligare på dag var planen min no å overnatte i bilen for ein kortare tur morgonen etter. Helst på veg til Trondheim der familyen var sett vekk til tidligare generasjonar.
Eg hadde fått tips frå Surnadal sin fremste høgdemeterekspress, TopGun, om at Kufjellet i Vinddøldalen kunne passe. Det høyrdest fint ut sidan eg har hatt lyst til å sjå Vinddøldalen lenge.
Men då vi kom ned frå Sula var klokka 5, mange timar med dagslys att før ei særs kald natt venta. Motivasjonen for overnatting i bilen dala, men turlysta var der likefullt. Eg tenkte at kanskje ein tur opp i Vinddøldalen kunne setje meg i stemning bagasjeromcampinglivets hygge.
I Vinddøldalen var det masse bilar, masse hytter, og ellers fine og rolige fjellformer. Ein plan byrja å ta form. Etter >>>
Ytre Sula
- Datum:
- 31.03.2018
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 4:30h
- Entfernung:
- 10,0km
Med pregnant kone og toåring i hus har det vore bypåske dette året. Men i dag skulle eg lufte meg litt, så eg og Andreas byrja straks og legge planar. Ytre Sula skal jo vere eit så fint skifjell, og dessutan ein skikkelig signaltopp som synest frå både her og der. Vi går for den!
Arve vart også med frå Trondheim. Olav, som var på påskeferie på Nesset, hoppa også i bilen. Han møtte vi på parkeringa ved forsamlingshuset. Vi såg kjapt på eit skilt som advarte mot dårlig føre for piggfrie tohjulsdrifta bilar, før vi føysa det vekk. Haha, det gjeld jo ikkje våre piggfrie tohjulsdrifta bilar!
Andreas hadde god fart på volvoen oppover bakkane, med meg hakk i hæl. Så når han stoppa i siste bakken var det ikkje anna å gjere enn å stoppe sjølv også. Vi prøvde oss på diverse >>>
Ruten
- Datum:
- 28.12.2017
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 4:00h
- Entfernung:
- 10,5km
Eg og Andreas køyrde til Ruten i tru på at den var dekka av pudder. Det var den aldeles ikkje - stor sett heile saken var dekt av hard eller vindpåverka snø - med unntak av den fine skogskøyringa på slutten. På parkeringa var det 13 blå og kaldt som pesten ved avmarsj. Men utsikta på Ruten - den kan ingen krangle på! Fin fjelltur på fint fjell med avgrensa skiverdi.