Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Geitfjellet med Eskil

Dato:
18.05.2018
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
3,6km

Travle dagar i mai, med nytt familiemedlem, forbreiing til flytting til nytt husvære og salg av leiligheit etc etc. Ikkje rart det kan gå litt varmt heime i leiligheita. Då er det godt å kome seg ut, både for PappaPakkhest og Storebror. Ikkje minst når det er full sommar i mai! Turen denne formiddagen gikk frå Lavollen til Geitfjellet. Eskil sat i meisen til det var eit par hundre meter att, før han fekk teste beina. Og det gikk så det kosta etter, over myr og mo, endatil opp bratta mot toppen. Veldig flink og stolt gut som klatra opp siste svaa til topps! Her vart det vel fortent sjokomelk og nyting av utsikta. To ungdomar kom halsande i stort tempo, og hadde tatt seg så ut at dei vart liggande rett ut. Dette vart sjølvsagt kommentert i undrande ordelag. Deretter gikk vi nedatt. Eg >>>

Kart    

Skatval walkabout

Dato:
14.05.2018
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
6,3km
Kart    

Lrkndl-Kbrdmn-Gtfjlt

Dato:
04.05.2018
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:58t
Distanse:
17,2km

geitfjellet kveldsjogg

Dato:
25.04.2018
Turlengde:
1:02t
Distanse:
6,7km
Kart    

Våttakammen

Dato:
21.04.2018
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,7km
Kart    

Bæremeisesongstart på Geitfjellet

Dato:
14.04.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:40t
Distanse:
3,9km

Vinteren er fint, men no er det VÅR! T-skjortevær gjennom heile turen. Vi såg fleire dyr: maur, fluge, meis. Masse snø framleis, men hardpakka trakk heile vegen til topps. Skyfri himmel.

Kart    

Elgsethytta med pulk

Dato:
02.04.2018
Turtype:
Skitur
Kart    

Ytre Sula

Dato:
31.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:30t
Distanse:
10,0km

Med pregnant kone og toåring i hus har det vore bypåske dette året. Men i dag skulle eg lufte meg litt, så eg og Andreas byrja straks og legge planar. Ytre Sula skal jo vere eit så fint skifjell, og dessutan ein skikkelig signaltopp som synest frå både her og der. Vi går for den! Arve vart også med frå Trondheim. Olav, som var på påskeferie på Nesset, hoppa også i bilen. Han møtte vi på parkeringa ved forsamlingshuset. Vi såg kjapt på eit skilt som advarte mot dårlig føre for piggfrie tohjulsdrifta bilar, før vi føysa det vekk. Haha, det gjeld jo ikkje våre piggfrie tohjulsdrifta bilar! Andreas hadde god fart på volvoen oppover bakkane, med meg hakk i hæl. Så når han stoppa i siste bakken var det ikkje anna å gjere enn å stoppe sjølv også. Vi prøvde oss på diverse >>>

Kveldstur til Bollen, Vinddøldalen

Dato:
31.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:00t
Distanse:
7,0km

Etter tur på Ytre Sula tidligare på dag var planen min no å overnatte i bilen for ein kortare tur morgonen etter. Helst på veg til Trondheim der familyen var sett vekk til tidligare generasjonar. Eg hadde fått tips frå Surnadal sin fremste høgdemeterekspress, TopGun, om at Kufjellet i Vinddøldalen kunne passe. Det høyrdest fint ut sidan eg har hatt lyst til å sjå Vinddøldalen lenge. Men då vi kom ned frå Sula var klokka 5, mange timar med dagslys att før ei særs kald natt venta. Motivasjonen for overnatting i bilen dala, men turlysta var der likefullt. Eg tenkte at kanskje ein tur opp i Vinddøldalen kunne setje meg i stemning bagasjeromcampinglivets hygge. I Vinddøldalen var det masse bilar, masse hytter, og ellers fine og rolige fjellformer. Ein plan byrja å ta form. Etter >>>

Kart    

Til Nirvana og tilbake

Dato:
14.03.2018
Turtype:
Isklatring

I følge hinduistisk religion det ultimate målet og nå nirvana. Det var også målet vårt i dag. Nirvana er ei relativt lang linje i Snillfjord, 4 solide taulengder med vedvarande firerklatring. Den er berre inne kvart jubelår, og med Søviknes bak spakane i Olje-og-Energidepartementet kan det bli lenge til neste gong. Den har vore inne i heile vinter, men grunna etc etc etc så har vi ikkje kome oss avgårde for å teste den. Heilt på tampen av sesongen rydda eg og Arve ein dag midt i veka. Sola har byrja å ta i trøndelagen, men isen har jo vore tjukk denne vinteren. Vi tok med ski som plan B. Det mest moralske ein hinduist kan gjere er likevel ikkje å gå i Nirvana. Det er å sjå inn i Nirvana for så å vende til almuen for å spre deg glade bodskap. Dette var veldig viktig for oss >>>