Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (163)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Bail på Tilleråsen
- Date:
- 08.03.2018
- Characteristic:
- Ice climbing
Med denne fine isvinteren er det jo ei skam om ein ikkje får prøve seg på nokon av dei finaste islinjene i Trondheim, nemlig Tilleråsen. Men det har vore omtrent umogleg å oppdrive tid og folk, så i dag beslutta eg og Pål Christian og ta ei kveldsøkt. Eg var innstilt på kos i dag - prøve på den meir moderate linja "Den til høyre" (WI3+/4), men her var det berre 3-4 cm is på svaet. Så då vart det å gå over på "Den til venstre" (WI4). Denne var tynnare enn då vi var her for 2 år sidan, og difor også brattare. Men rikelig med is. Eg byrja opp det bratte start-partiet, og merka kjapt at dette ikkje var kremforhold. Isen var stålhard og sprø, og det tok 5-6 øksesving for å få gode plasseringar, alt med heftig utsprenging av is. Etter 10 meter merka eg at >>>
Ilfjellet walkabout
- Date:
- 04.03.2018
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 20.0km
Mikroeventyr på Øysand - ny linje?
- Date:
- 22.02.2018
- Characteristic:
- Ice climbing
Isklatresesongen er ikkje over sjølv om snøen legg seg og sola stig. Kveldens mikroeventyr var ei fin lita linje som eg topptaua eit par gonger i fjord. I kveld var eg og Pål Christian ute for å lede saken. Først lett opp i eit hjørne til høgre for istappen, eit par kammar inn under overhenget, før ein lena seg ut med ei øks i risset i hjørnet. Få øksa opp over kanten, og svinge seg ut på isen. Artig! Herifrå var det i år overraskande bratt is til topps. Tok meg god tid og skrudde tett. Anker i godt tre rett over kanten.
Deretter tok vi eit par runder på topptauet, og medan vi holdt på med dette kom det ein politibil sigande. Den stoppa, og ut kom onkel politi. Eg kunne ikkje tenke meg at vi gjorde noko gale her, men man kan jo alltids bli litt stressa av å bli sjekka av politiet. >>>
Strukafossen
- Date:
- 04.02.2018
I denne tidenes isvinter har mitt enorme alpinpotensiale vorte distrahert av gravid kone og ein meget aktiv toåring. Når til alt overmål svigers stakk tre veker til kanarie-øyene midt i januar var det klart at eg ikkje kom til å utmerke meg med store nyturar i Sunndalen i år heller.
Men i samme sekund som svigerfar landa på Værnes sende eg ut melding til min likeså heimekjære omgangskrets av klatrande småbarnsforeldre om at no måtte det støtast! Til alt overmål fekk eg ein heil gjeng på kroken. Etter ein god runde med klager på feber, kulde, låke kne og diverse kroppslige forfall landa vi på Struka - ein foss på Langstein som etter sigende skulle vere stor og fin og i kjekk form.
Det var subalpin start frå trondheim ein gong mellom 8 og 9, med Arve, Mats og Pål-Christian >>>
Topp tauing på øysand
- Date:
- 16.01.2018
- Characteristic:
- Ice climbing
Tur på crag'et med eit nytt bekjentskap - Jean-Marie, som hadde klatra både her og der i den store verden, men som no trente seg tilbake i form etter ei paraglider-ulukke. 2 plussgrader og smørisbonanza i veiskjæringa i dag, eg leda opp ein grei 4(+?)-variant. Deretter topptauing, både på gardina og Bomber, som i dag hadde gammal og steinhard is. God treningsøkt!
Femmaris på Øysand-craget
- Date:
- 02.01.2018
- Characteristic:
- Ice climbing
Knallforhold i veiskjæringa på Øysand - tjukk is som tar skruar og greier. Etter nokre dagar med god kulde kom det litt mildare vær, og smørisen var på plass. Pål Christian var interessert i å skremme av seg julesylta, og vi var på plass i måneskin, lyktestolpar og trailerbrøl.
Starta med å lede opp ein tjukk og fin pillar opp til hylla som deler veggen. Ganske bratt kanskje 3-4 meter WI3+/4? Deretter fortsette rett opp andre del av veggen, brattare her (WI4+) kanskje 4 meter. Ikkje så vedvarande saker, men bratt nok til at alle skrueplasseringar blir hengande. Eg kalla denne One Night Stand då eg traverserte rundt på den i fjord. Så då får det bli navnet: One Night Stand (WI4+, ca 8m). Botndelen formar fort, og det er mogleg å klatre denne og ta standplass i trea på hylla >>>
Nyttårstur i Bymarka
- Date:
- 01.01.2018
- Characteristic:
- Ski trip
Kona måtte på jobb i dag, så det betydde både at det ikkje vart heidundrande fest i går (sic!) og at eg og junior hadde ein del tid å slå ihjel i tosomheit i dag. Då toåringen byrja å mase om ski allerede klokka halv 10 var det klart at vi berre fekk pakke oss i bilen og kome oss avgårde.
Nesten tom parkeringsplass og nydelig vær. Eg beholdt kortfellane på tur/retur i dag, ingen grunn til å opparbeide seg fart. På Elgsethytta var det nesten ikkje folk, og vaflene og sjokomelka smaka uovertruffent! På veg tilbake vart det testing av skia, sjåing på snøskuter og andre morsome aktivitetar!