Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Kremglopp: Ryssdalshornet
- Dato:
- 02.11.2021
- Distanse:
- 8,8km
Då eg landa ei lita vikarstilling som Naturfagslærar på Firda Vidaregåande på Sandane var sjølvsagt baktanken at dette kunne vere eit springbrett til turar i indre søre Nordfjord. Etter å ha erobra kremtoppane Kiursnakken og Bolberget i førre veke var det no på tide med ein ekte kremtopp. Eg satsa på at eg skulle kome meg opp og ned Ryssdalshornet utan at ungane vart låst inne på skulen og barnehagen.
Det gjekk heilt fint. Først ein lang grusveg opp til Ryssdalssætra, deretter sti med innslag av via ferrata opp lia til ryggen, så lettgått til topps. Litt surt og ei byge her oppe, men utsikta var upåklagelig. Sikkert flott å ete skjeva si her oppe ein fin sommardag. Mange flotte turmål å sjå på for å seie det mildt.
For min del vart det raskt nedatt og svele på ferga i >>>
Kremtoppar i Gloppen 2: Kiursnakken
- Dato:
- 27.10.2021
- Distanse:
- 1,6km
Endelig fekk eg kryssa denne av lista - og eg kan ta ferga frå Anda med fred i sjela.
Diverre ikkje så flott utsikt her som på gårsdagens kremtopptur, men ein kan ikkje få alt kvar dag.
Fingeren med klivrelaget
- Dato:
- 19.09.2021
- Turtype:
- Alpin klatring
Siste dagen med føring for Klivrelaget - i dag var det Fingeren og Sylen som stod på menyen.
Vi tok ei direkte rute opp nordryggen på Fingeren for å få litt klatring. Dette vart 2-3 taulengder med opptaksvis klatring og klyving. God stemning på toppen!
Sidan det var mykje att av dagen tok Andreas med seg to av klubbmedlemmane på Sylen. Dette var meir krevjande greier, så her var det på med svasko. Eg vart att nede for å ta bilete og kome med oppmuntrande tilrop. Alle kom seg både opp og ned i god stil, og med det var ei flott helg i nydelige ørstafjell over.
Takk for turen Andreas og Klivrelaget!
Sv-egga på søre Blåtind med klivrelaget
- Dato:
- 18.09.2021
- Turtype:
- Alpin klatring
- Distanse:
- 7,2km
I dag var det duka for føringstur med Klivrelaget. Vi hadde med fire forventningsfulle gjestar i fjellet i dag, og fekk ein flott tur med utfordringar, mestring og ekte fjellklatring i ville Sunmørsalpar!
Takk for turen!
Sylen og fingeren
- Dato:
- 17.09.2021
- Turtype:
- Alpin klatring
- Distanse:
- 8,8km
Denne helga var det duka for føring på Standalseidet. For å gjere ei lang historie kort: i mitt forsøkl på å skaffe meg praksis etter metodekurset vart eg spurt av Klivrelaget i Ulsteinvik om eg kunne få til føringsturar for klubbsamlinga deira på Standalseidet laurdag og søndag 18-19. sept. Sidan eg jobbar med dette på Hamna Trening på Nordfjordeid fann vi ut at dette måtte vi prøve å få til. Sidan vi sjølv ikkje har NF-godkjenning, fekk eg min gode venn og taulagsmakker Andreas Nordstrand til å hoppe i bobilen og kome nedover. Han har fullført NF høgfjell og hadde både papira og erfaringa i orden. Vanskelig å seie nei til ei helg full av klatring midt i Sunmørsalpane.
Klivrelaget ønska turar kring Standalseidet, og vi landa på SV-egga på Søre Blåtind, og dei klassiske >>>