Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (166)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Kråkhornet
- Datum:
- 13.11.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
Trivelig familieluftetur til Kråkhornet med Lise og Vinjar. Dette er jo en topp eg har hatt litt vanskelig for å motoivere meg til, så at vi fikk tatt den på denne måten var jo perfekt. Eskil og Vinjar sprang så mykje hit og dit at dei sikkert tilbakela dobbelt høgd og avstand. Olina gikk jamnt og kom seg både opp og ned i god stil. Litt trekk på toppen, men sveler, kakao og andre godsaker vart delt raust ut.
Takk for turen!
Kendric
- Datum:
- 26.10.2022
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 14,7km
Humphreys
- Datum:
- 24.10.2022
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 19,0km
Når ein er i Flagstaff må ein sjølvsagt på Humphreys for litt tynn luft, utsikt og primærfaktor!
Det var snø og vind i høgda på morgonen, men eg la avgårde allikavel. Kilometera kom raskt på den svingete stien, men etter kvart byrja den tynne lufta å gjere seg gjeldande. I skaret tok eg på litt meir klede før eg byrja turen bort mot toppen. Ein god del vind bortover her, men på toppen løya det litt. Fantastisk utsikt over flatlandet herifrå. Riktig så flott!
Tilbake i skaret var eg ikkje klar for å dukke ned i skogen att, så eg la turen bortom Agassiz også. Her er det landskapsvernområde om sommaren, men no var det hverken skilt eller sperringar å sjå, så det var berre å traske opp.
Deretter retur.
Flagstaff og indian creek
- Datum:
- 23.10.2022
- Tourcharakter:
- Klettern
To-vekers pappaferie (!!!!) til Arizona og Utah for å besøke Andreas og Solveig som har flytta til Flagstaff halvanna år. Planen var å sjå om dei oppførte seg i land of the free eller om dei hadde blitt til republikanske kåbbåiar, og dessutan klatreklatreklatre - med trad-mekkaet Indian Creek som hovudattraksjon.
Blir difor litt klatrenerding i denne rapporten. Dei som ikkje gidd å lese slik henvisast til rapportane frå dei to turane med oppoverbakke som eg fekk logga under oppholdet. Bra primærfaktor, tynn luft og greier - bør altså vere interessant for dei fleste. Her og her .
Men altså... Eg landa i Phoenix seint laurdag kveld, og var i Flagstaff tidlig søndag morgon. Vakna litt ut på føremiddagen og helste på vertskapet. Deretter tok vi oss ein tur på det lokale buldrefeltet Priest >>>
Premieutdeling og lisje blåfjellet
- Datum:
- 02.10.2022
I dag var det duka for fjelldag og premieutdeling for fjelltrimgruppa til Stårheim IL på Fannstøylen. Bra oppmøte av store og små. God stemning oppover, med natursti frå 4H. På støylen var det bålpanne, pølser, snop og alt som høyrer fjellet til!
Etterpå fekk vi med oss ein gjeng unge fjellfolk til Lisje Blåfjellet, der vi skulle merke litt. Dei bygde vardar til den store gullmedalja, så skal ein gå seg vill her må ein gjere ein solid innsats. Ny topp for Eskil, som var i storform i dag.
Deretter heim i regnværet. God stemning heile vegen, der vi mellom anna fann ein frosk.
Felden, Klakken og Lisjetoren
- Datum:
- 30.09.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,8km
Felden har stått på ønskelista ei stund. Kanskje litt for lenge ettersom den er rett i nabolaget. Vel, slik er det når ein har for mykje å velge mellom. Med det flotte haustværet kunne ein ikkje sitte på heimekontoret og slite hol i buksebaken. Her måtte det bli tur!
Felden er jo eit mystisk fjell på fleire måtar. Det stikk seg fram både her og der - klassisk signaltopp. Fleire har lagt merke til dette. Det skal ha foregått diverse ritualer her oppe på det som skulle vere Odin sitt fjell. Tor har jo fått to fjell i dette dalføret, og Frøya eit (Frøhornet). Det er ruinar etter ei steinhytte som visst nok skulle vere åstaden for æse-rituale her oppe. Heksene stoppa visst her på veg til blokksberg - fine landingsforhold på den slette toppen. I tillegg er det eit monogram for >>>