Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Blåtinden og Haddalhornet

Date:
28.12.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:36h
Distance:
8.0km

På den første dagen i jula som hadde nokolunde anstendig vær tok eg beina fatt mot nok ein listetopp på Hareid/Ulstein-lista, nemlig Haddalhornet. Sidan det hadde vorte litt lite aktivitet dei siste dagane kunne eg like godt ta turen oppom Blåtind også. Eg parkerte ved "Reveskuret", og gjekk for direkteversjonen rett opp raset. Første gong eg gjekk opp her hadde eg ikkje fylt 5 år enda. Bratt nok, syntest min juleribbemarinerte kropp i dag. Mot toppen tiltok vinden, og ved varden var det riktig så stivt. To kjæringar dukka brått opp frå bak varden medan eg skreiv meg inn i boka. Dei hadde nok med å fote seg. Frå Blåtinden sprang eg mot skaret mot Haddalhornet. Nedover her var det riktig så fint terreng og flott usikt. Ein står midt mellom Vartdalsfjorden, Ørstafjorden, >>>

Map    

Røyrafjellet

Date:
27.12.2016

Urd og anna styggedom herja juleferien, men man må jo kome seg ut. Kanskje vi kan jobbe litt på Hareid/Ulstein-lista, foreslo Eskil. Ja, det kan vi gjere. Eg fekk med nevøen min Christopher, og Bosse (hund) på ekspedisjon. Turen gjekk utan dei større begivenheitene. Av dei mindre begivenheitene var at Chris sin sko nesten vart slukt inn i Røyrafjellet sitt myrfylte indre. Vi såg også ei lita kongeørn på nært hold. På toppen (ikkje luretoppen, der Hødd Trimgruppa har rota seg til å plassere kassa si, pinlig sidan det er far min som har att ansvaret for fadesa) skreiv vi oss inn i ei av to utplasserte bøker. Deretter tok vi ein gruppefjellfie. Denne var svært vellukka. Turen tilbake gikk også greit.

Map    

Julejogg til Mosvatnet

Date:
24.12.2016
Duration:
1:18h
Distance:
10.1km

Jogg på julafta for å springe litt av seg før ribba. Sprang rett opp stien bak huset, forbi min barndoms skog og klatrefelt, før eg kom inn på Mørdarbakken. Her kom det ei kraftig haglbyge inn frå havet, og denne gav meg god fart innover mot Lisjevatnet. Tyngre herifrå på litt snø opp bakkane til Mosvatnet. 40 min opp hit på den nye grusvegen. Eg kjenner eg er litt delt i synet på all denne vegutbygginga i fjellet - på den eine sida er det relativt store naturinngrep. På den andre sida er desse grusvegane veldig mykje brukt, og dei er anlagde over vassledningane som går gjennom terrenget her. Eg venta litt bak hytta ved Mosvatnet med eit håp om ein tur på Storebroren. Det klarna opp, men det var såpass mykje snø og vind at eg sløyfa både det og ein svipptur oppom Mosvarden. >>>

Map    

Storbekkhøa

Date:
17.12.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:30h
Distance:
15.0km

Mats inviterte på tur til ein av Trollheimen sine virkelige klassikarar, Storbekkhøa. Slikt kan ein ikkje seie nei til! Eg møtte Mats og Tor på Storlia Parkering litt over klokka 10, deretter jamn trask oppover mot dagens turmål. Ein liten parantes: det er blitt så vanlig å snakke om topptur. Eg skal så klart ikkje nekte folk å nytte dette omgrepet, men det er vel vitterlig ikkje noko som skiljer dette frå det litt eldre (og etter mi meining litt meir sympatiske) "å gå på fjellet". Vel vel, Storbekkhøa tok seg flott ut, og det gikk radig opp dei slake bakkane. Lokalkjentmann Tor peika på sør-ryggen, og snakka om moglegheiter der. Eg som nett har festa hælen, og berre såvidt kom meg ned ein ås i Snillfjord i går, lurte litt på om det var lurt i dag. Men men, eg klarer >>>

Map    

Snillfjord: Langlidalsheian

Date:
16.12.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:30h
Distance:
5.0km

Fin tur til noko beskjeden Snillfjord-topp. Gikk frå parkeringa på Våddaosen, men sikkert også fint å gå frå Langlidalen Parkering. Trur denne kan vere ein tilgjengelig og flott rando-topp under gode forhold, men i dag var det tidenes gjennomslagsføre, og det var omtrent umogleg å svinge. Vel vel, fint var det!

Map    

Dritværtur i Trøndsemithe

Date:
05.12.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h

Kona var i Tigerstaden, og Svigers skulle sitte barnevakt. Denne søndagen skulle det bli pudderfest! Så slo det til med 7 grader, 20mps og svært store nedbørsmengder. Ikkje akkurat skiføre. Men man må jo ut. Så eg hoppa i bilen og køyrde til Snillfjord for å sjå etter potensielle nye klatreveggar. Eg såg nokon greier sist som eg ville sjå nærare på. Det var dritvær ja, skikkelig også. Såg først litt på ein nabb ved Høgeloftet, denne hadde sett flott ut frå vegen men var like fast som ein pakke cottage cheese. Sjølve Høgeloftet sine sørveggar, derimot, såg litt bedre ut. Så køyrde eg til Slørdalen og traska opp Fagerdalen. Tungt føre for ein forkjølingsherja kropp! Flotte veggar oppover her! Mykje moglegheiter til artig cragging. 1000kronersspørsmålet er sjølvsagt om ein >>>

Map    

Walkabout i Trøndsemite

Date:
27.11.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
3:49h
Distance:
20.2km

Nei, det er ikkje Tikneppen det er snakk om. Heller ikkje Størenhammaren. Og nei - Lyneggen er ikkje Trøndelag's The Nose. Vi snakkar om Snillfjord, nærare bestemt dalen kring Slørdalsvatnet (det blir vel Slørdalen det då?). Kvifor denne frekke påstanden at dette er Trøndelags Yosemite? Vel, her som hjå si amerikanske storesøster stuper fagre og bratte granittveggar ned mot barskogen i botnen, medan dramatiske fossefall hiv seg over kantane med dødsforakt - ein dødsforakt som speilast i isklatrarane som bestig dei same fossane i frosen tilstand vinterstid. Men her stoppar plutselig likskapen brått med det same, liksom uventa. For der Yosemite er overstrødd med klatreruter i verdsklasse, avgrensar klippeklatringa i Snillfjord seg til ei handfull ruter under eit overheng på Suluberga. >>>

Map    

Kveldsøkt på Øysand

Date:
23.11.2016
Characteristic:
Ice climbing

Topptauingsøkt med Pål Christian på Øysand før neste lavtrykk skyller vekk alt. Sette opp tauet på ei bratt linje og susa avgårde. Topptauing er (nesten) ekstremsport! Sidan ingen andre bryr seg om veiskjæringane på Øysand gir vi rutene navn sjølv om vi berre topptauar. Vi har kalla veggen Motorveggen sidan den ligg like ved vegen, og vi oppdaga den same dag som Lemmy i Motorhead vandra heden. Som seg hør og bør navngir vi rutene etter eit Motorhead-tema. Denne var bratt og kul, så den fortente klassikarnavn: Bomber (WI5). 3 timar isklatring på ein kveld midt i veka. Ikkje dårlig, altså!

Map     4 comments

Geitfjellet

Date:
23.11.2016

Vi kan alltid stole på deg, Geitfjellet. I dag slo du til med flott utsikt over snøbygene som feia over Trondheimsfjorden. Men du var litt glatt. Burde ikkje skisesongen vere på veg no?

Map    

Trondheim pf>100: Hangervåttån

Date:
17.11.2016
Characteristic:
Walk
Distance:
2.9km

På tide å jobbe på pf-lista. Denne våtten har eg tenkt på ofte, men den har vorte nedprioritert like ofte. Med god grunn ser det ut til. Eskil sovna raskt, kanskje av alle inntrykka i granskogen? Men det vart ikkje lange duppen - etter eit drøyt kvarter var vi oppe. Etter litt roting rundt etter utsikt som aldri viste seg, skreiv vi oss i boka og rusla nedatt. Adjø Hangervåttån - for alltid.

Map     2 comments