Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Lundavarden rett opp og ned

Date:
19.07.2016
Characteristic:
Jogging
Distance:
7.7km

Treningstur til Lundavarden, bra motbakke for å køyre leggar og lår både opp og ned. 1 time opp, halvtime ned.

Map    

Orkdal: Vargheia med Eskil

Date:
12.07.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:48h
Distance:
5.5km

Eskil hadde lenge masa om at vi måtte kome oss på nokon av dei fine kysttoppane i trøndelagsregionen. Presset vart ikkje mindre etter myrfadesen på Kjerringklumpen tidligare i vår. Sidan pappapermen nærmar seg med små og store skritt nytta eg mi akademiske friheit (og svært lite å gjere på jobb i dag) til å iverksette ei lita pappaperm-generalprøve: Mamma stakk på kafé, og vi to andre pakka sekken med retning for den tøffe heia (?) Vargheia. Første hindring var at eg gløymde bæreselen, og eg fekk ikkje snu før Tiller. Men SÅ var vi på veg. No var det berre for Eskil å ta formiddagskvilda si i bilen. Dette var ikkje heilt rett fram, og etter to stopp før Orkdal var vi i mål. Så på plass på Kvernamoen parkeringsplass 1 time og 45 små minutt etter at vi gjekk ut døra. >>>

Map    

Kveldsjogg på Geitfjellet

Date:
11.07.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:00h
Distance:
6.0km
Map    

Trondheim pf>100: Solemsvåttan

Date:
10.07.2016
Characteristic:
Walk
Duration:
1:00h

Kom heim frå klatresenteret og sola skein som berre det. Ein kan ikkje sitte inne på ein slik dag. Eskil foreslo at eg burde jobbe litt på Trondheim pf>100-lista mi. Kona valde å vere heime då ho framleis er litt rammeskeiv etter fødselen. Eg og Eskil sette snuten mot Solemsvåttån. Fin sti frå Tjønnstuggu - varmt oppetter bakkane. Eskil vekte ålmen munterheit hjå turfolket med godt humør. Etter litt var vi på toppen, der vi kunne nyte god utsikt over trondheimsregionen mellom tretoppane. Så gikk vi ned igjen.

Map    

Ilsvika Buldrefelt

Date:
07.07.2016
Characteristic:
Bouldering
Duration:
2:00h
Map    

Trollhøtta-traversen + Pekhøtta

Date:
05.07.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
18.5km

Det opna seg eit turvindauge, og sjølv om været var suboptimalt måtte ein smi raskt! Eg har lenge hatt lyst til å utforske den nordlige delen av Trollheimen. Då eg kom over særs fristande turrapportar frå Trollhøtta-traversen var valet enkelt. Det vart subalpin start frå Trondheim, og regnbygene dura over Orkdalen. I følge Yr skulle dette bedre seg etter 12, og eg stod på parkeringa i Søydalen under skiftande skydekke. Ettersom eg hadde fått med meg at både hundar og anna hadde vorte lurt over denne traversen tidligare tok eg sjangsen på fjelløpesko og tights. Light and fast. Fin sti oppover sætra, og fulgte så skilting og sti opp lia mot Trollhøtta og Snøhornet. Sistnevnte sløyfa eg då eg hadde andre toppar i bakhovudet. For eksempel dei på andre sida av dalen. Det hadde >>>

Map     4 comments

Kveldsjogg på Geitfjellet

Date:
29.06.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:00h
Distance:
6.0km
Map    

Dei 4 store i Bymarka, med start i sentrum.

Date:
25.06.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
3:58h
Distance:
28.9km

Sidan eg i eit anfall av overmot har meldt meg på fjellmaraton på Oppdal til hausten må eg få nokon lenger turar i beina. Eg hadde sett ut ei løype med start i sentrum, over dei fire fjella i bymarka med pf>100: Geitfjellet, Stadsheia, Storheia og Gråkallen. God steam opp til Geitfjellet (40min), fann ein grei veg herifrå til Tømmerdalstorget, og vidare til Stadsheia (1:20). Her fekk eg oppklart kvar eg gjekk feil sist eg var her i skoddehavet. Så kom den lange distansen til Storheia, med mykje ned og opp att. På veg opp til Storheia byrja eg å kjenne det i beina. På toppen etter 2:20. Fint driv mot Gråkallen, og bratt og tungt opp her. Her byrja eg å få sporadisk krampe i leggane. På toppen (eller på utsiktspunktet, strengt tatt, sidan sjølve toppunktet er militært område) >>>

Map    

Kveldsjogg på Geitfjellet

Date:
22.06.2016
Duration:
1:00h
Distance:
6.0km
Map    

Skoddedykk i Bymarka.

Date:
18.06.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:56h
Distance:
13.5km
Map     2 comments