Rundt hoven (18.06.2021)

Startpunkt Oppedal (288m)
Entfernung 21,5km
Höhenmeter 1.525m
GPS
Besteigungen Årheimsfjellet (1.007m) 18.06.2021 14:24
Skredfjellet (1.155m) 18.06.2021 14:24
Staurinibba (1.379m) 18.06.2021 14:24
Hoven (1.011m) 18.06.2021 14:24
Besuche anderer PBE Holme parkering (280m) 18.06.2021 14:23

Strålande meldingar, og etter halvannan måned på heimekontoret var eg gira på ein skikkelig tur. Måtte bli til Stryn ettersom eg omtrent ikkje har gått på fjellet her før. Ettersom eg var usikker på kor mykje snø som låg att gikk eg for å sjekke ut området kring Hoven. Planen var som vanlig ambisiøs - her skulle det ikkje vere att mange raudnåler når dagen var ferdig!

Skodda låg rundt toppane, og det strålande sola uteblei. Eg gikk for Årheimsfjellet først, og deretter over Skredfjellet. Veldig til nivå på stiane her i området. Her kan ein ta nesten heile runda på elsparkesykkel om ein vil.

Over skredfjellet gikk eg stort sett i skodde og regn, så eg tenkte eg kunne gå nedom turistattraksjonen og ete niste og vente på finværet. Her var det ingen cafe å slå seg ned i, berre ei suvenirsjappe og ein resturant som eg nok var for skjeten til å sleppe inn på. Men eg fekk i allefall med meg to karar som hoppa utfor stupet i sånne flygande-ekorn-drakter før dei susa under gondol-bana. Dei om det.

Mot Oldedalen. Her er det fjell nok for eit heilt liv. Om ein ikkje heiter Ove, Lise, Torleiv, Johan eller Janne då. Då er det ikkje nok for eit heilt liv.
Mot Oldedalen. Her er det fjell nok for eit heilt liv. Om ein ikkje heiter Ove, Lise, Torleiv, Johan eller Janne då. Då er det ikkje nok for eit heilt liv.
Frå Århheimsfjellet mot Skåla før det tetna til
Frå Århheimsfjellet mot Skåla før det tetna til

Skodda gav seg ikkje, og det var berre å konstatere at Yr hadde bomma. Men Staurinibba skulle jo vere gangbar. Særs dårlig sikt opp i her, men så lenge ein holdt seg på sherpatrappa gikk det stort sett bra. Sånn sett var vel dette kanskje einaste turen ein kunne gått i høgda i dag.

Deretter var det strakaste vegen ned annleggsvegen tilbake til parkeringa, før eg gikk meg på eit nytt par italienske sko på Stryn.

Milde måne det er fint i Nordfjord! Trur eg må få meg ei slik t-skjorte.

Altså, dette her er verdt å tenke over. Norsk friluftstradisjon er i endring, og tilrettelegging er eit stadig vanligagre innslag. No er jo dette rett ved Hoven, men det er mange kilometer med grusa sti på snaufjellet her. På den eine sida er det positivt at fleire kjem seg ut, men på den andre sida så er stadig meir av norsk natur utsett for inngrep. Det er ikkje sjølvsagt at folk som nyttar den tilrettelagte naturen får eit nærare forhold til natur, sjølv om det sikkert gjeld nokon. Det kan like gjerne bety at fleire stiller krav til meir tilrettelegging, og då er karusellen i gang. Vi har sikkert plass til begge deler om vi er forsiktige, men det krevjer ei streng regulering av naturområda - noko som eg er litt i tvil om at vi er i stand til her på berget. For meg så kunne gjerne området rundt Hoven vorte eit turistreservat, og så kunne ein spart resten av fjellområda rundt. Men det er nok neppe det som kjem til å skje.

Startzeitpunkt 18.06.2021 09:52
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 18.06.2021 14:19
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 4h 26min
Zeit in Bewegung 4h 01min
Pausenzeit 0h 25min
Gesamtschnitt 4,9km/h
Bewegungsschnitt 5,4km/h
Entfernung 21,5km
Höhenmeter 1.524m

User comments

  • -
    avatar

    Grus-somt

    Written by boven 18.06.2021 23:43

    Eg hadde tilbod om gratis tur med gondolen til Hoven og middag.....akkurat ja. "På Stryn" - omtrent som å seie at du var på Oslo.

    Du kan nok gjøyme deg vekk i Indre Nordfjord berre du styrer unna denne og Skåla. Snakk med naboane og du får grundig innføring i ruter og oppganger der ingen går.

    • -
      avatar

      Sv: Grus-somt

      Written by kobbenes 19.06.2021 07:31

      eg ser stort sett ingen andre på turane mine (på denne turen løyste eg det med tett skodde), men eg er nok ikkje så folkesky som andre eg kjenner. eg ser jo korleis dette er til glede for mange. det viktige er at det er stramt regulert, og det er der bekymringa mi ligg.

    • -
      avatar

      Sv: Grus-somt

      Written by kobbenes 23.01.2022 22:35

      andre bekymringar kan eg jo legge att på stryn ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.