Kongsvollfossen venstre uttopping (02.01.2021)


Characteristic Ice climbing
Duration 6h 30min
Map
Visits of other PBEs Kongsvollfossen (1,270m) 02.01.2021

I dag fekk vi endelig stabla oss avgårde på ein isklatretur, både meg, Andreas og Pål Christian. Turen gikk til Kongsvollfossen tradisjonen tru. Vi hadde venta folkevandring her i dag, og hadde tilogmed munnbind med om det skulle bli trengsel på cruxet. Men i dag vart det berre oss og ein finfin dag på isen.

Medan dei gikk rundt og fraus med tosifra blågrader nede i Oppdal sentrum kunne vi nyte nesten t-skjortevær i -5 tempererte grader oppe i fjellsida.
Medan dei gikk rundt og fraus med tosifra blågrader nede i Oppdal sentrum kunne vi nyte nesten t-skjortevær i -5 tempererte grader oppe i fjellsida.

Andreas starta med ein litt sprø førstelengde, og vi merka at det har vore tørt og lite nydanna is. Etter ei transportlengde tok Pål Christian oss opp turens finaste smøreis og opp på hylla under sistelengda.

Fjellfie
Fjellfie
Nøgd han her også.
Nøgd han her også.

Her openbara turens store spenning seg. Den vanlige høgreavslutninga var fint forma, men det var også den litt meir eksklusive, og hakket kvassare, venstreavslutninga. Denne er ikkje alltid i god form, men no hadde den forma seg til ein flott og bratt pillar. Eg følte eigentlig at eg burde klatre denne. Men var eg "up to the task" som det heiter på nynorsk?

Då svinga det ei flott kongeørn på oppdrifta over toppen av fossen. Eit tydeligare teikn kunne eg ikkje få, og eg gikk laus på oppgåva. Det tok litt tid å kome skikkelig i rytmen, og eg valde ei litt usmart linjeføring i starten - unødvendig bratt og med hard is. Men så kom eg til hula bak pillaren og fikk kvilt meg litt. Litt tynt rack, men det burde vere nok. Og her var det bedre is. Så då var det berre å gi seg hen til oppdrifta, og det var nyyyydelig klatring. Godt nøgd med dette etter nokon sesongar med dårlig psyke og lite aktivititet.

Sterke saker for min gane. Veldig fin linjeføring og nøgd med å ha leda denne med æra i behold.
Sterke saker for min gane. Veldig fin linjeføring og nøgd med å ha leda denne med æra i behold.

Pål Christian og Andreas var også svært nøgde (og kalde - det tok litt tid dette) på toppen, og så vart det rumpesklliing (eller glissande som franskane seier det så fint) ned til bilen, og der var vi på eit blunk.

Etter ein tur på VPG for det aller mest nødvendige vart det god stemning i bilen heile vegen tilbake til bartebyen.

<gallery>

User comments

  • -
    avatar

    Takk for turen!

    Written by AndreasNordstrand 02.01.2021 22:31

    Koselig tur og solid leda! For lenge siden sist. Godt å se deg cruise med øksene i bratta igjen �.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.