Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Topptur til Grovabreen i Jølster

Date:
16.04.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Jølster skjuler fantastiske toppturar og dette er definitivt ei av perlene. Vi køyrde tidleg laurdags morgon til Dvergsdalsdalen og tok raskt skia på. Ganske bratt opp frå Dvergsdalsstølen rett opp mot Fagredalen (og ikkje Støylsnova pga lite snø på flanken). Rundar vatnet ved ca 1260 og skrår rett opp Fagredalen men ver var på skredfaren her. Så er det seigt opp mot toppunktet 1585 moh der dei fleste snur og renner ned att. Ei mektig flott utsikt i alle retningar mot Josten og fjella rundt. Ein kan fortsetja mot sjølve toppunktet 1633 moh men i grunn lita meining då det er paddeflatt. Nedkøyringa var episk. Det vert definititvt fleire toppturar i dette området.

Map    

Tverrådalskyrkja, Søre & Steinkollen

Date:
12.03.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
8:00h

Ankom Sota Sæter torsdag ettermiddag og fekk lasta opp pulk. Hasta litt med å kome avgarde i det dagslyset som var att. Tungt opp bjørkeskogen men fann greitt hytta i mørket med Sottjønn. Kaldt og fint så det vart Tundradalskyrkja (1970 moh) opp langs nordflanken, svært fin skitiopp, ved gunstige forhold. Vi hadde svært hard og vindpakka snø og sette att skia rett under toppen og brukte isøks siste rest. Laurdag var det svært mykje vind men strålande sol. La i veg mot Fortundalsbreen, fint utsyn ved Heksegryta mot Ringstind og Store Austanbotntind. Sjølve brekryssinga gjekk greit. Rett opp i skaret mellom Steinkollen og Søre men det var svært sterk motvind. Ved nedrenninga frå Steinkollen kom vi over ein bresprekk - mest sannsynleg overgang fjell til bre. Vidare med randoskia >>>

Map    

Tundradalskyrkja

Date:
11.03.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Vi ankom relatvit seint på Sota Sæter torsdag ettermiddag. Pakka pulk og ryggsekkar for langhelg på Sottjønnbu. Klarte å dra denn pulk-jævelen opp dei fleste høgdemetra før mørket kom. Nydeleg stjerneklart vær. Kan på det varmaste anbefala Sottjønnbu som ligg svært idyllisk til i Breheimen. Fredag vart det ettermiddagstur til Tundradalskyrkja langs nordsida. Fine snølinjer på nordsida. Skia vart å heilt til like under toppen på relativt hard og vindpakka snøflanke. Tok fram isøksa og karra oss siste stykket til topps men flott utsyn til Jotunheimen. Rake vegen ned fjellsida og mot bua vår.

Map    

Mykkeltveitveten - strålande sol & pudder

Date:
28.02.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Strålande søndag på Voss og starta turen kl 1230 frå Hagen på Bulken. På randoneski oppover ryggen i ca 2 timar til topps med noko hardt skareføre. På toppen bestemte vi oss for å prøve nedrenninga via Olsokubotn og Vassgjeli ("Bollen") sjølv med noko skredutsett terreng enkelte stadar. Her fekk vi belønninga med ein eventyrleg pudderfest.

Map