Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Stølsmaradalstinden

Date:
30.07.2016
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
9:00h
Distance:
21.8km

Stølsmaradalstinden vart opp og avgjort som turmål - siste timane før leggetid på Tyin. Henta Kristin på Sletterust og avgårde til Murane på Tindevegen - i tåke. Peila oss raskt inn i Austanbotn, Astanbotnelvi var svært stor og vading i undik gjekk fint det og. MERK: Vi fann bru ved retur omtrent ved kote 1100 like etter Murane! So bar det oppover til Gravdalsbandet og terrenget var nydeleg og raskt å gå i. Like oppunder fant vi gamle fangstgroper: Ein rask matpause før vi runda oppom 1343 og ved 1414 og kryssa Gravdøla greit like under 1368 - vatnet. Mykje tåkeskyer som gjekk og forsvann men vi forstod raskt ruta oppover ryggen - ei svart renne rundt 1600 moh med den brattaste klyvinga. Utruleg sleipt oppover lia sidan vi valde den brattase ruta opp og såg at den litt slakare >>>

Map    

Uranostravers & Slingsbytinden

Date:
28.07.2016
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
8:00h
Distance:
18.0km

I hui og hast vart det avgjort omtrent kl 22.30 tirsdagskveld at det vart Uranostravers dagen etter. Beste vermelding denne veka og ei god trøyst for kansellert Skagastølstravers.. Starta klokka 9 presis frå Koldedalen saman med Kristin med utruleg fint tempo og driv oppover mot S2. Regn og tåke men lovnad frå Yr-guden om at sola kom klokka 12 var det berre å gi full gass. Sleip steinur skal seiast men oppover gjekk det svært fort. S2 vart nådd omtrent etter 2,5 timar og vidare til S1. Ein liten matpuase før stortoppen og då kom sjølvaste sola. Heretter var det løpande sikring med eit par faste sikringspunkt oppover. Toppen vart nådd like før kl 13, i underkant av fire timar frå start. På vegen ned møtte vi nokre fjellførarar med gjester frå Fondsbu. Tida var god så det var berre >>>

Map    

Semelholstinden - via det nordlege brefallet på Visbreen

Date:
10.07.2016
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
8:00h

Eit svært godt men intensivt kurs - om enn for noko spesielt interesserte: Vidaregåande brekurs for 2-manns taulag. Lite brukt i Noreg men nytta i Alpane. Eit lite antal deltakarer med svært god oppfølging med teknikk, redning og fritt val av rute & planlegging. Det var difor Semelholstinden (2147 moh) via det nordlege brefallet frå Visdalen som endeleg "eksamen". Mykje snø gjorde forsering av brefallet frå nord ganske greit. Semelholstinden i horisonten: I ein bresprekk - men like blid: Redningskvinnnen er på hugget:

Map    

Kyrkja - Rask & fin ettermiddagstur

Date:
07.07.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h

Nydeleg ver etter sein ankomst til Leirvassbu gjorde at det måtte blir ein rask ettermiddagstur til sjølvaste Kyrkja. Ein knapp time til topps og svært hyggeleg møte med to kjekke ungdomar som jobba på Spiterstulen for somaren og hadde ein fridag. Representerte DNT Ung Bergen og mykje gode planar for neste år var på gang!

Map