Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Utladalen og Friken

Date:
18.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
40.5km

En rask tur med sykkel til Vetti, før oppstigninga til Vettismorki og vidare til Fleskedalen i strålande haustver. Sol, 18 grader og vindstille. Jaktlaget låg og sov ved stølane i Fleskedalen. Her var det felt to hjortar, ei elgkolle og kalv i løpet av morgontimane. Turen gjekk raskt vidare til like under Friken og nedover til Skogadalsbøen før mørket kom. Artig nok var det røyk i pipa og godt selskap frå ein uforskamma sprek tindemann. 74 år og stadig på jakt etter nye ruter! Eit raskt bad i Skogadøla og middagen vart ein fest med Lapskaus. Tidleg start med raske steg mot Friken. Nydeleg å sjå tidlegare bestigningar frå denne kanten. Friken er verken høg eller krevjande samanlikna med nabotoppane men likevel verdt eit besøk.

Map    

Mykkeltveitveten

Date:
13.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
11.5km

Flott topp- og treningstur til Mykkeltveitveten i 20 grader og sol i midten av september. Start frå Hagen, via Hagenstølen, litt vidare til den gamle løa som er delvis demontert og deretter rett til topps. Noko sti og dyretråkk elles lettgått terreng. Turen gjekk vidare via Kyrabotn, til stølane på Selset og Flaga- og Svangastølen før retur til Hagen igjen. Her er det berre å venta på vinteren og ta skia fatt for ein glimrande topptur.

Map    

Nydeleg topptur til Mjølkedalstinden- via sør renna

Date:
05.09.2014
Distance:
27.0km

Eg og Atlas, ein smekker flott Berner Sennen, tok sikte på Mjølkedalstinden denne dagen. Start ved Eidsbugarden og full fart mot Store Mjølkedalsvatnet. Det synte seg å verta ein fabelaktig flott dag for topptur i Jotunheimen - vindstille, sol og eit snev av haust. I underkant av to timar var vi ved stiskille til Olavsbu og Skogadalsbøen ved Snøholsvatnet og Mjølkedalstjørni. Her tok vi rake vegen mot pkt 1843 og vidare mot foten av fjellet som openberra seg. Svært mange inntørka tjørn og lite snø gjorde hunden mindre begeistra. Fekk raskt lokalisert renna på sørsida som ser noko ugjestmild ut frå dette nivå. Oppover ura gjekk det raskt men ettersom det vart i brattaste laget takka turfylgjet mitt for seg ved 1950 moh og sette seg ved standplass og passa sekken. Då var det berre >>>

Map