Tverrådalskyrkja, Søre & Steinkollen (12.03.2016)


Start point Sottjønnbu
Endpoint Sottjønnbu
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 8h 00min
Map
Ascents Steinkollen (2,018m) 12.03.2016
Tverrådalskyrkja (2,088m) 12.03.2016
Tverrådalskyrkja S1 (2,077m) 12.03.2016
Søre Tverrådalskyrkja (2,034m) 12.03.2016

Ankom Sota Sæter torsdag ettermiddag og fekk lasta opp pulk. Hasta litt med å kome avgarde i det dagslyset som var att. Tungt opp bjørkeskogen men fann greitt hytta i mørket med Sottjønn.
Kaldt og fint så det vart Tundradalskyrkja (1970 moh) opp langs nordflanken, svært fin skitiopp, ved gunstige forhold. Vi hadde svært hard og vindpakka snø og sette att skia rett under toppen og brukte isøks siste rest.
Laurdag var det svært mykje vind men strålande sol. La i veg mot Fortundalsbreen, fint utsyn ved Heksegryta mot Ringstind og Store Austanbotntind. Sjølve brekryssinga gjekk greit. Rett opp i skaret mellom Steinkollen og Søre men det var svært sterk motvind. Ved nedrenninga frå Steinkollen kom vi over ein bresprekk - mest sannsynleg overgang fjell til bre. Vidare med randoskia på opp til Søre Tverreådalskyrkja. Her tok vi av skia og sette dei att i skaret og tok fram isøks. Gjekk stort sett fint opp fortoppen og vidare til hovedtoppen, Tverrådalskyrkja 2088 m. Flott utsikt til heile Jotunheimen og Jostedalsbreen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.