Archive - Date
Archive - Activity
-
Trip by foot (1)
- Hillwalk (1)
Peakbook-Friends
So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.
Collected lists
I haven't joined any lists yet.
Overnattingstur: Storskarvatnet - Røyrlivatnet - Sunnivahorn
- Date:
- 24.05.2024
- Distance:
- 13.9km
Gjekk opp frå Almenningen kl 01.30, gjennom Austadalen og opp til Sætravatnet ved Eldevikssætra tok så av mot sør til Blånkevatnet. Gjekk austover og oppover mot Storskarvatnet. Utrulig kor lyst det er no i mot slutten av mai, hadde med meg ei lykt men den vart aldri brukt sjølv ikkje i skogen innerst i Austadalen. Sov eit par timar frå kl.03.00. Heiv i meg frokost og fortsette turen aust og opp forbi Storskarvatnet til Røyrlivatnet der eg tok meg tid til nokre timars morgonfiske. Så gjekk turen vidare til Sunnivahornet og ned att "hovudvegen" gjennom Skogadalen og ned til Riksvegen.