Roan (09.07.2026)
Written by Esone (Einar Moen)
| Ascents | Roan (1,192m) | 09.07.2026 12:41 |
|---|---|---|
| Smånutane (1,190m) | 09.07.2026 13:18 | |
| Visits of other PBEs | Roan stistart (607m) | 09.07.2026 11:23 |
Køyrde opp ved Foldsæ i Fyresdalen på god grusveg. Bompengar halvvegs, og stor parkeringsplass ca. 600 moh. Gikk 250 meter forbi dam-anlegg og over ny bru for 2-beinte. Det var anleggsveg oppover eit kort stykke. Straks inn i barskog på grei sti. Noko klegg-plage ei stund. Nær skoggrensa, og snart til eit kort brattare parti. Stien drog seg på nordsida av fjellveggen i mot, og lenger inn kom den opp ved eit fint sva. No openbara det seg eit botn-liknande landskap med mykje stein til høgre. Fram og noko til venstre, såg ein den store varden på toppen. Fantastisk langstrakt landskap, og fjell bakom fjell, bakom fjell. Her var det godt med luft rundt-om. I dag sette eg meg ned, år, og kosa meg på toppen ei tid. På turen nedatt gikk eg bortom to små-toppar, før vidare nedatt på stien som eg kom opp. Fin tur, og god bonus med ny topp over 500 pmf. på ein runde i Telemark.










User comments