Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Muen

Date:
23.07.2026
Distance:
4.7km

Tur med familien på veg til Muen. Med Muen som ei naturleg avslutning vart då PF50- og PF100-listene for Ringebu fullført.

Map    

Neslenibba

Date:
14.07.2026
Distance:
11.9km

Tur til Neslenibba, som gjekk langs god sti opp til kryss til Sundsfjellet/Kjenuken. Deretter dårlegare sti, som ikkje alltid var like enkel å finne att. Det var veldig varmt denne dagen, siste halvdel var til dels ganske tung, med mykje stopp. Eg kom meg opp til slutt, og vart belønna med god utsikt, og nok ein strynetopp i samlinga.

Map    

Goaren

Date:
10.07.2026
Distance:
4.2km

Map    

Skardshøgde nord

Date:
10.07.2026
Distance:
1.9km

Map    

Nystølen

Date:
10.07.2026
Distance:
1.9km

Map    

Gravåsen

Date:
05.07.2026
Distance:
2.9km

Dagens siste topp var heller ikkje godt besøkt, ingen tydeleg sti. Det vart stadvis litt baksing gjennom kratt, myr og lauvskog. Turen fram var vekslande myr og lauvskog. Eg prøvde ein annan veg tilbake, då eg trudde denne kunne vere bedre. Det var feil. Det vart nesten bruk for machete stadvis.

Map    

Etnedals midtpunkt

Date:
05.07.2026
Distance:
4.0km

Fann først nyleg ut at Kartverket har lansert teneste for alle midtpunkt i kommunar i Norge, og det kan jo ikkje ignorerast! Midtpunktet ligg på ei myr, rett nedanfor eit lite hyttefelt. Turen gjekk på vegen inn til hyttefeltet (var stengt med bom), for så å gå ein liten svipptur nedanfor feltet.

Map    

Aust for Skilnadputten

Date:
05.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
1.8km

Første av to skogstoppar. Lite sti opp her, det er nok ikkje rekna som eit stort turmål. Men då kan ein ny topp kryssast av!

Map