Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Stikkvannskollen

Date:
14.07.2026

Map    

Beitostølen jogg

Date:
14.07.2026
Map    

Slagetåa

Date:
10.07.2026

Map    

Barmen

Date:
10.07.2026

Map    

Nystøylhonnje

Date:
09.07.2026
Distance:
7.4km

Map    

Eggenipa med Eskil

Date:
07.07.2026

Map    

Cmnx4: Mont Blanc

Date:
28.06.2026
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
19.0km

Ein semi-spontan tur til Mont Blanc Fjerde tur på Chamonix-ferien gikk til sjølvaste softisen i dalen - Mont Blanc. Eg hadde den sjølvsagt i bakhovudet denne ferien. Samtidig var vi i byen for å klatre, og eg visste at tur til Mont Blanc ville ta såpass mykje av ferien om vi prøvde på den, at vi måtte vere einige om å prioritere turen. Aslak, derimot, hadde ikkje fått med seg at Mont Blanc låg i Chamonix Mont Blanc. Det oppdaga han først då han sat på balkongen til leiligheita og spurte «hva slags fjell er det»? Då han vart informert om at, ja dette var sjølvaste alpane si kvite dame, så var neste setning «jeg kjenner at den snakker veldig til meg – jeg vil dit!». Juan på si side hadde kanskje eigentlig mest lyst å klatre, men det var vanskelig å seie nei til ein tur >>>

Map     2 comments

Cmnx3: Cocher cochon

Date:
26.06.2026
Characteristic:
Climbing

Denne dagen var 2/3 av laget litt slitne etter to dagar på tur, medan 1/3 av laget ikkje var sliten, men derimot planla å sjå VM-kamp norge-frankrike på kvelden med påfølgande slitenhet for morgondagen. Juan ymta frampå om ein litt rolig dag, medan Aslak (fotballinteressert) på mystisk vis fekk gjennom at kviledagen skulle gjennomførast på Cocher cochon (6a 8tl, for det meste luftig bolta sva) på Clocher de planpraz. Naboruta og storebroren til ruta vi klatra i forgårs. Eit par taulengder oppe i veggen var eg og Juan einige om at det var mange ting: fin klatring, to av oss byrja å bli slitne medan ein av oss berre fekk meir og meir oppdrift, og at det ikkje akkurat likna på ein kviledag, men gøy var det likevel! Det var eit par 5c og 6a på ruta - vi leda litt kvar. Toppen var >>>

Map    

Cmnx2: cosmique

Date:
25.06.2026
Characteristic:
Alpine climbing

Andre turdag på Chamonix-ferie ville vi komme oss opp på den nåla - Aguille du Midi. Ganske langt opp dit. 2800 høgdemeter for å vere nøyaktig. Luftig gondol opp, og tynn luft på toppstasjonen. Sidan eg i heile mitt klatreliv har kjempa mot mi eiga høgdeskrekk var det særlig ein ting eg var litt bekymra for: utgangen til snøegga frå Midi. Men men vel vel - eg har klart mykje rart før, tenkte eg. Vi laga til taulaget for brevandring i tunellen, før det var min tur å gå først ut på verdas mest berømte snøegg. Og eg skal seie det som det er, eg har ingen ting å skjule: eg psyka fullstendig ut. Etter 5 meter stod eg heilt fast, var nær ved å gå i kneståande, snudde og labba tilbake til plattformen. Der vart eg møtt av eit kamerateam som ville filme meg om klimaendringane >>>

Map    

Cmnx1: clocher de planpraz ad label virginie

Date:
24.06.2026
Characteristic:
Alpine climbing

Ai ai - endelig Chamonix. Dette er jo Mekka, Medina og Lhasa for alpinistar. Og det midt i sommarferien. Etter tre dagar på korpstur med Eskil på tusenfryd og Oskarsborg skiltest våre vegar på Gardermoen, og eg tok flyet til Geneve. Der møtte eg Aslak. Juan kom frå Haugen i Nordfjord, men han hadde vorte offer for omfattande vegarbeid og særs kjip service frå Widerøe Sandane flyplass, så han måtte booke om og kom seinaare på kvelden. Vel framme i Chamonix var det berre å suge inn stemninga. Skal vel berre seie det som det er: første gong i dalen - vi gikk for full turistklatretur. Første klatredag ville vi teste taulaget og gradene, så vi gjekk for ei rute på Brevent: Label virginie D+ 5c 6tl. Dette var ei stort sett bolta rute på sva med 4-5 meter mellom boltane. Veit ikkje >>>

Map