Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Eggenipa, Breim, 1338 moh
- Date:
- 13.08.2018
Vi gjekk opp og ned på Egga denne gongen - lenge sidan sist eg og mamsa gjekk ned att denne vegen. Nydeleg ver.. Ein av siste dagane med fint ver på lenge... T-tur Gloppen komplett :)
Nordre Brurskardsknappen, Valdresflye, 1464 moh
- Date:
- 06.08.2018
Vi gjekk på merka sti opp langs Brurskarsbekken, nesten opp til Brurskarstjønna, før vi tok til høgre opp siste delen. Her møtte vi på reinsdyrsflokken, denne gongen simler med kalvar. Harepus såg vi og! Same veg opp og ned, med fin utsikt mot dei turane vi gjekk dagane før + Besseggen.
Knutshøe, Veldresflye, 1517 moh
- Date:
- 05.08.2018
Vi parkerte ved Vargebakken og fylgde stien opp ryggen. Litt klyving i starten og rett før toppen. Det bles veldig, særleg frå toppen og nedover ryggen på andre sida! Heldigvis hadde vi fin sol, så det vart ikkje så kaldt. Tilbake gjekk vi Leirungdalen, med tydeleg sti og mjukt underlag.
Denne dagen var vi på andre sida, i forhold til Besseggen. Utruleg fin farge på vatna.
Besshøe, Valdresflye, 2258 moh
- Date:
- 04.08.2018
Herleg helg i Jotunheimen med Anne Tove. Utgangspunktet var Bessheim, der vi parkerte teltet.
Vi gjekk opp stien langs Bessa, med fine, små fossestryk, vidare opp langs Bessvatnet. Opp ura var det tidvis sti, men med små vardar.
Då vi var nesten oppe, kom det tåke, så vi tenkte at vi ikkje fekk sjå utsikta. Men etter matpausa letta det, heldigvis! Tusen meter rett ned i eit vatn og med mange andre 2000 metrar rundt omkring. Vi såg og tydeleg "karavanane" av folk på veg opp Besseggen... Retur same veg, der vi møtte på Rudolf og vennane...
Ryggjastøylen - Dalsbøen, Gloppen
- Date:
- 02.08.2018
T-tur til Dalsbøen i Traudalen, med mamsa. Lett og fin veg/sti å gå på innover dalen. Berre Eggenipa att på Gloppelista no...
Hornelen, Bremanger, 860 moh
- Date:
- 01.08.2018
På tur med Jannike, Kåre, dei 3 yngste + 4 frå Hjelle. Vi parkerte på Hunskår og gjekk opp og ned derifrå. Sidan sist gong eg var her, hadde sherpaer lagt trapper i dei våtaste partia nede, i tillegg til at det no var lettare å gå på det flate partiet (store steinar var flytta unna).
Det bles kraftig på toppen, så der vart vi ikkje lenge... Mest imponerande var yngstemann, på berre 5 og eit halvt år!
På tilbaketuren måtte eg oppom høgaste punktet på platået: Svartevassegga Øst.
Eggene - Svarthammaren, Gloppen, 998 moh
- Date:
- 27.07.2018
T-tur med mamsa, på andre sida av Gloppefjorden. Vi køyrde opp til Austrheimsstøylen og gjekk opp råsa til Kvanndalen. Eigentleg hadde vi tenkt oss på Svarthammaren og deretter Svinestranda, men så såg eg at vi kunne gå ein rundtur bortom Eggene, som er på Gloppelista mi, så då gjorde vi det i stadenfor. Pga litt for lite tid, valde vi då å kutte ut Svinestranda, for der hadde vi jo vore mange gongar før...
Eikeneshesten, Gloppen, 1093 moh
- Date:
- 26.07.2018
- Distance:
- 6.7km
Ny T-tur med mamsa. Denne gongen med "klatring" på Hestenesøyra... Vi køyrde opp på Hestenesstøylen og tenkte vi ville ha ein rundtur, så vi følgde stien/vegen i Hestedalen eit lite stykke, før vi tok opp skogen/lia. Det gjekk for så vidt greit, men vi såg at det hadde vore endå opnare på andre sida av ei lita elv til venstre.. Då vi kom opp til siste delen av fjellet, burde vi gått langt til venstre, inn til gjølet. Men.. det gjorde ikkje vi. Først prøvde vi å sjå kor langt det var rundt til høgre, til stien frå Eikenesstøylen. Det vart for langt, så vi prøvde oss rett opp og til venstre. Vi kom ganske langt, men måtte til slutt gje opp, då vi ikkje kom oss opp der. Det var like før vi gjekk oss "skorfeste" på heile greia! Heldigvis kom vi oss >>>
Ossætra, Eid, 422 moh
- Date:
- 17.07.2018
Formiddagstur med Line. Vi fann ut at det var meir behageleg med tur på føremiddagen enn om kvelden.. Pax var og med.