Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Blåfjellet (Kvanndalsegga) , Eid, 951 moh

Date:
26.06.2018

Vi gjekk frå Navestøylen i Kjølsdalen og opp Rindane til Blåfjellet (Kvanndalsegga). Nok ein T-tur, denne gongen på Eidalista, med Inger Janne og Kristian.

Map    

Veten, Gloppen, 632 moh

Date:
25.06.2018

T-tur til Røsskleivvatnet med mamsa. Vi gjekk opp frå Leirstøylen til Røsskleivvatnet, så vidare på sti opp sida til Veten og ned att den "vanlege" stien ned frå Veten.

Map    

Staurdalsegga, Eid/Vanylven, 787 moh

Date:
17.06.2018

Skulle opp for å hente ei bok og tang, men det var allereie henta... Men eg og Anne Tove fekk no nyte utsikta og ein fin tur. Heldigvis køyrde vi heilt opp på Lefdalssætra, så vi slapp å gå grusvegen.

Map    

Erviknobba, Eid, 608 moh

Date:
14.06.2018

Midtveketur med MNT. Sidan der var meldt storm, var det kun 1 som møtte opp, i tillegg til meg: Reidun... Men vi hadde ein fin tur, vi, sjølv om vi fekk litt regn og vind... :)

Map    

Vedviknibba, Eid 729 moh

Date:
12.06.2018

Kveldstur frå Tua og den nymerka ruta opp på Vedviknibba. Ruta er lagd slik at ein ikkje treng å gå rett forbi dei som driv med skytetrening :) Ein går innover vegen og opp til høgre ved skiltet, og følgjer merka rute opp til vegen der ein har skiløypa. Stien går på venstre sida opp siste bakken, der stien vert tydeleg att på kanten. Dette er T-tur, så eg var opp med ny bok.

Map    

Skongenes Fyt, Vågsøy, 15 moh

Date:
10.06.2018

Jubileumskonsert på fyret - min første tur hit. Hadde med meg foreldra mine, i tillegg var det rundt 80 andre der.. Fin sti ut, bra konsert, men litt kald vind, så eg hadde for lite klede på meg... (Såg no at eg kunne tatt ein liten omveg tilbake, og fått med meg ein topp... Lønar seg å sjekke kartet FØR ein fer og ikkje etterpå..)

Map    

Rindehornet, Eid, 637 moh

Date:
26.05.2018

Rundtur opp skogsvegen frå velteplassen, opp på Rindehornet og rundt og ned på skogsvegen forbi Gildra og ned att. T-tur 2018. Med Jeanett.

Map    

Erviknobba, Eid, 608 moh

Date:
21.05.2018

Nytt forsøk, denne gongen med både kasse og stativ...

Map    

Erviknobba, Eid, 608 moh

Date:
19.05.2018

Eg fekk med meg Jeanett og Torhild ut i Ervika for å legge ut tang og bok på Erviknobba. Vi følgde skogsvegen til rasteplassen i enden og tok deretter opp stien. Fint ver og lett å gå.. MEN.. der var ingen stad å legge utstyret, verken kasse eller varde, så då måtte eg opp att eit par dagar seinare..

Map    

Trollenykjen, Eid, 898 moh

Date:
18.05.2018

Flott å kunne nyte fridag med tur på Trollenyken. Hadde lova Marita tur opp hit sidan 17.mai for eitt år sidan, så då var det på tide! Vi gjekk opp og ned frå Skipenes. Det var framleis ein del snøfonner, men ikkje problem å gå.

Map