Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Wanniantempelet, Mount Emei, Kina, ca 1020 moh
- Dato:
- 07.04.2017
Etter å ha tatt taubane nedover og deretter buss, kom vi til ny taubane til Wannian Temple. Her valde vi å gå opp trappene i staden, gjennom regnskogen. Fin tur og bra trim! Med Elin Leikanger og Shifu Zheng. Overnatting på tempelområdet.
Alsakersætra, Eid
- Dato:
- 01.01.2017
Første tur for året. Var ein del snø, men ingen problem med å gå. Bra at nokre hadde tenkt på å ta med hovudlykter... Gjekk stien ned att - ikkje noko lurt.. Der var det glatt/isete, men kom oss ned med berre eit par fall! Med Anne Tove og Konrad.
Blånibba - Svinestranda, Gloppen, 1140 moh
- Dato:
- 22.10.2016
Rundtur på fjellet med mamsa. Start og slutt på Austrheimsstøylen. Bra sti, bortsett frå i starten mellom Blånibba og Nonstua, men lett og fint å gå.
Humpen - Skardhornet, Volda, 1043 moh
- Dato:
- 15.10.2016
- Distanse:
- 8,2km
Vi gjekk først opp stien til demninga/vatnet, der Elin og dei har hytte. Så gjekk vi opp på Humpen, og det var faktisk ein "hump"... Ingen sti opp, men ok å gå. Gjekk opp frå hytta og ein liten rundtur ned att.
Vidare gjekk vi opp på Skardhornet - ingen sti der heller og ganske tungt opp lyngen... Ned att gjekk vi ned i Fairdalen, som var fin, men ganske lang. Kjekt å kunne nyte sola i oktober! Med Elin Leikanger.
Skårhaugssætra, Eid
- Dato:
- 13.10.2016
Kom akkurat over skyane! Gjekk opp/ned frå Skårhaug, forbi hundegardane... Med Line