Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (116)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (73)
-
Trip by foot (429)
- Alpine trip (20)
- Hike (63)
- Hillwalk (258)
- Jogging (55)
Favourite peaks
Åhomnuten i Vrådal
- Date:
- 05.07.2026
- Distance:
- 9.0km
Ein fin tur til topp like ved Vrådal sentrum. Her hadde me bubilplass like ved vatnet og Jokeren. Valde ein rundtur som ofte er eit fint alternativ. Valde lengste stien opp. Snill stigning og ein del ATV-veg frå nedst i hyttefeltet. Litt tungt i det brattaste partiet under skardet. Mange turar siste dagane. Svaberg siste 500 meter mot toppen. God utsikt her. Svippa oppom grøn topp på retur.
Røysdalsnuten
- Date:
- 04.07.2026
- Distance:
- 11.1km
Nydeleg tur i vakre Telemark. Køyrde opp Grunningsdalsvegen og til stor parkeringsplass på Grimås. Mykje hytter rund om i skogen. Dei fleste "usynlege", då dei ikkje var plassert som i hyttefelt. Tavle viste veg, og tydeleg sti til ulike turmål. Eg følgde skilta mot Røysdalsnuten og Grimaren. Etter fyrste kryss, kunne ein orientere visuelt. Det var svært idyllisk landskap undervegs. Fine små votn, og dei små runde formasjonen som er typisk for fjella her. Ned eit lite skar før hovudfjellet som var svært vakkert. Halvskya i dag, fineste turveret. Snirkla med på merka sti oppover fjellet, nett som i ei storslalomløype i motbakke. Vakkert og lett å gå. Mange store mørke sauer å sjå. Storstilt utsikt frå toppen. På returen gikk eg samerute, men over på ryggen bort >>>
Brattefjell
- Date:
- 03.07.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 16.0km
Tur til høgaste topp i Seljord kommune. Passerte Åmotsdal, og tok opp fyrst bratt humpete asfalt-veg, som betre grusveg. Parkerte ved Bjåen. Tok terrengsykkel frå hyttefelt like før bru. Fint med bratt å sykle 2,6 km inn til Sandsetvatnet. Gikk over myrane,som var tilrettelagt med solid tre-konstruksjon. Spratt opp på ein liten grøn topp, og valde å gå øvste brua på veg opp. Det vart nok litt lenger. Skrådde så flanken etter beste evne før det flata litt ut. Så inn botn, litt brattare og steinete siste partiet. Stor varde på toppen. Flott utsikt til mange runde Telemarks-toppar. Såg til Gaustadtoppen. Ned att same ruta til den brattast ned flanken. Dreia då meir aust, og over på den andre brua. Så vidare på sti ned att til dammen. Gikk godt på offroad-sykkel ned att >>>
